Robert Musil | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 6. november 1880 Klagenfurt |
Død |
15. april 1942 (61 år) |
Yrke | skribent, bibliotekar, romanforfattar, skodespelforfattar, manusforfattar, essayist, ingeniør |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Far | Alfred Musil |
Ektefelle | Martha Musil |
Robert Musil på Commons |
Robert Musil[1] (fødd 6. november 1880 i Klagenfurt, daud 15. april 1942 i Genève) var ein austerrikisk forfattar og teaterkritikar.
Musil fekk stor suksess med det første verket sitt, Die Verwirrungen des Zöglings Törless (1906), men han etablerte seg ikkje som fri forfattar før i 1918. Han fekk i 1923 Kleist-Preis for skodespelet Die Schwärmer (1921), men det blei elles møtt med liten entusiasme. Det andre stykket hans, komedien Vinzenz und die Freundin bedeutender Männer (1924), fekk mykje større suksess.[2]
Det mest kjende verket til Musil er det uferdige trebindsverket Der Mann ohne Eigenschaften, ein av dei viktigaste romanane innan modernismen. Det første bindet kom i 1930 og fekk god omtale, men selde dårleg og Musil sin økonomi var skral resten av livet. Temaet for verket er det moralske og intellektuelle forfallet i Austerrikske-Ungarn. Handlingane utspelar seg i Wien i tida rett før utbrotet av den første verdskrigen. Musil brukte det ironiske namnet «Kakanien» på det austerrikiske dobbeltmonarkiet, dei to k'ane tok han frå forkortinga «k. k.» som står for kaiserlich-königlich. Han starta opp arbeidet i 1921 og etter kvart blei det det einaste litterære prosjektet hans. Det var framleis uferdig då han brått døydde i 1942.