Dansk kroningsrikseple ved Rosenborg slott i København

Rikseple er ein kuleforma gjenstand av metall som er eit makt- og vørdnadsteikn for gudeskikkelsar, monarkar og ektefellane deira. Rikseplet kan symbolisera herredøme over jordkloden, himmelkvelven eller universet («himmelglobe»).

Historie

Romersk mynt med Carinus som held eit septer og ein globe.
Fredrik Barbarossa med rikseple.

Bruken av eit symbolsk rikseple stammar frå hellensk tid. Dei romerske keisarane nytta ein kuleforma globe som eit maktsymbol (visstnok kalla «globus imperialis»). Seinare og opp mot vår tid har mange europeiske monarkar blitt avbilda medan dei held eit rikseple, særleg når dei sit på ein tronstol. Slike avbildingar finst m.a. i kongelege segl («sigill») og ved tittelbladet på trykte lovbøker. Ein gjenstand utforma som eit rikseple i edelt metall har vore eit av vørdnadsteikna som blir høgtideleg overrekt til monarkar under kroningsseremoniar.

Eit rikseple er frå 400-talet av som oftast avbilda som ei stor kule med ein kross på toppen. I seinare tid kan rikseple som er til bruk ved kroningar ha ein stett slik som dei norske riksepla for konge og dronning frå 1800-talet. Frå hellensk tid har rikseple vore avbilda med ei tredeling av den øvste halvdelen til kula. Delinga er gjort med eit band eller eit belte. Denne tredelinga skal visstnok symbolisera Europa, Asia, Afrika og hava mellom verdsdelane. I nyare rikseple til bruk ved kroninger er desse banda besette med juvelar, danna av perler eller utstyrt med mønster. På toppen av slike rikseple kan det dessutan vera ei lita kule som igjen har ein kross på toppunktet.

Utforming

Jesusbarnet som Salvator Mundi. Frå Portugal på 1600-talet.

Eit rikseple er gjerne heilt gullfarga, men kan òg vera blåfarga strødd med gullstjerner, slik som den vesle kula øvst på rikseplet til den norske konge og øvst på den norske kongekrona og dronningkrona. Blåfargen kan symbolisera himmelrommet eller universet. Blå glober finst i bilde av Jesus og englar, m.a. med Jesus ståande på globen. I bilde der Jesus sjølv held globen i handa blir han kalla Salvator Mundi, latin for 'Verdas frelsar'.

Ei framstilling av eit rikseple kan òg vera ein stilisert, grafisk figur. Eit rikseple inngår som symbolsk figur i biletkunst som allegoriar og liknande. Eit rikseple finst òg som grafisk figur i segl («sigill»), våpenskjold og andre kjenneteikn m.a. i varemerke (t.d. Harris Tweed). Det er eit stilisert rikseple i kommunevåpen, m.a. for det svenske Uppsala län, og i nokre slektsvåpen med allegoriske figurar, m.a. i skjolda til dei norske slektene Leganger, Steenbuch og Winge, og dessutan i hjelmteikna til Klüver og Reichborn.

Den grafiske figuren rikseple kan attgjevast berre som ein sirkel med ein likearma krossar festa på sirkelen. Figuren er då den same som symbolet for planeten Venus, og som det alkymistiske teiknet for kopar når krossen er på undersida av sirkelen. Koparteiknet inngår i kommunevåpenet til Røros. Sirkelen med krossen er figur i ei rekkje bumerke gjennom tidene, både i Noreg og i utlandet. Figuren i bumerke kan variera slik det er vanleg ved bumerke: han kan ha krossen ved toppen eller ved botnen av sirkelen, figuren kan vera på skrå og han kan ha strekar i tillegg.

Galleri

Kjelder

Litteratur