Julius Wilhelm Richard Dedekind (6. oktober 1831–12. februar 1916) var ein tysk matematikar som gjorde viktige oppdagingar i abstrakt algebra, algebraisk talteori og i samband med grunnlaget for dei reelle tala.
Han var professor ved den tekniske høgskulen i Zürich i 1858 og frå 1862 professor ved høgskolen i Braunschweig. Dedekind vart utnemnd til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for Niels Henrik Abels fødsel i 1902.