Raudstilk
Raudstilk fotografert i Danmark
Raudstilk fotografert i Danmark
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av Raudstilk
Utbreiinga av Raudstilk
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Raudstilk T. totanus
Vitskapleg namn
Tringa totanus

Raudstilk (Tringa totanus) er ein vadefugl av familien sniper.

Taksonomi

Raudstilken sin taksonomi er komplisert og oppdeling i ulike underartar er uklar, men det vanlege er å rekne med seks slike.[2]:[3]

Utbreiing

Raudstilken hekkar i store delar av Europa og Asia, nord for Himalaya og så langt aust som til Kina. Storparten av verdspopulasjonen er trekkfuglar, og dei overvintrar i Midtausten, India og Søraustasia. Arten overvintrar også lokalt ved store delar av Afrika sine kystar. Storparten av populasjonen i Storbritannia og Vest-Europa er standfuglar eller flytter korte strekningar ut til havet.

Førekomst i Noreg

Raudstilken er utbreidd over heile landet med unntak av somme fjellstrok i vest, og eit belte på Austlandet som ligg mellom fjella og kysten, der arten er mindre vanleg. Tettaste bestanden finst langs kysten. Hekkebestanden kan reknast til 60 tusen par, derav over halvparten i Nord-Noreg. Som hekkeplassar er fuktige område best egna, og fuglen vel seg grasmarkar både ved salt- og ferskvatn. Myrområde i skogen og til fjells høver også godt, og fuglen hekkar til opp i vierregionen.

Hekking

Raudstilkegg

Hekkeplassane ligg nær vatn, og ofte ligg reira nær kvarandre. Raudstilkane legg 4 egg i likskap med mange andre vadefuglar. Desse vert lagde i ei grop fora med strå, som gjerne er godt gøymd i vegetasjonen. Begge fuglane rugar, og etter 24 døgn klekker egga. Ungane dreg frå reiret så snart dei er turre, dvs. etter eit halvt døgn. Dei finn maten på eiga hand, medan foreldra forsvarer dei mot rovdyr. Om ein kjem for nær reiret flyg fuglane engsteleg rundt og varslar med sine einstava ”kly, kly, kly”.

Foreldra passar ungane til dei er 27 dagar gamle og nesten flygedyktige. I blant legg raudstilken reiret nær vipa sine koloniar for å nyte godt av desse sine åtak på rovdyra.

Trekktilhøve

Raudstilken er trekkfugl og kjem til hekkeplassane frå slutten av april fram til midt i mai. Om hausten reiser den skandinaviske bestanden sørover til Afrika sin vestkyst.

Utsjånad og læte

Vaksne fuglar har raude bein og raud nebbrot med gråsvart nebbspiss. Både nebb og bein er ganske lange. Den vaksne fuglen er gråbrunt spraglete på oversida i sommardrakta. Brystet og gumpen er vatra i lyst grått. I flukt kjem det fram ein tydeleg kvit kile langs ryggen og breie kvite bakkantar på vengane, som også har svarte handsvingfjør. I vinterdrakt er fuglen mindre vatra, og litt gråare enn om sommaren. Totallengda er om lag 28 cm, og vengespennet 59-66 cm. Vekta er rundt 130 gram. Unge individ har guloransje bein og mest grå nebb. På desse er oversida vatra i gult, gråsvart og brunt medan undersida er lys med gråsvarte strekar på langs

Fluktlæta er eit tostava ”tju-hu”, eller ”tju-hu-hu”. Varsellæte er eit hamrande ”kly-kly-kly…”. Fuglen har også eit jodlande spel med innslag av fluktlæta. Raudstilken gir i det heile mykje læte frå seg.

Føde

Fuglen et mest insekt, små krepsdyr, blautdyr, mark og småfisk. Med sin lange nebb når den ned til dei krepsdyra som ligg nede i sanden. I tillegg er ein god del av maten vegetabilsk.

Kjelder

Fotnotar
  1. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av rødstilk Tringa totanus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 2. februar 2022
  2. 2,0 2,1 Olsson & Ottervall (2002) Övervintrande isländska rödbenor – en projekt-presentation, Anser, nr.4, 2002
  3. Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom
Generelle kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raudstilk