| |||
Fullt namn | Ranheim Fotball | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | 17. februar 1901 | ||
Heimebane | EXTRA Arena (kapasitet: 2000) | ||
Styreleiar | Rune Venås | ||
Hovudtrenar | Kåre Ingebrigtsen | ||
Liga | OBOS-ligaen | ||
| |||
Noverande sesong |
Ranheim IL fotball Topp (RIL) (stifta 17. februar 1901), betre kjent som Ranheim Fotball, er ein norsk fotballklubb frå bydelen Ranheim i bykommunen Trondheim i Sør-Trøndelag, og frå 4. februar 2010 eit eige idrettslag under allianseidrettslaget Ranheim Idrettslag.[1]
Ranheim spelar i den nest høgaste divisjon i Noreg, OBOS-ligaen (2020). Laget har tidlegare spelt i Norgesserien og Hovedserien, men spelte i 2009 i 2. divisjon avdeling 4.
Noverande hovudtrenar er Kåre Ingebrigtsen.
Hovudlaget Ranheim Idrettslag vart stifta 17. februar 1901.
Ranheim spelte i Norgesserien sesongane 1937/38, 1938/39, 1939/40 og 1947/48, og i Hovedserien sesongane 1949/50, 1952/53, 1954/55 og 1955/56. Stordomstida til Ranheim var på slutten av 1940- og byrjinga av 1950-talet.
I tillegg til at Ranheim Fotball er ein del av alliansen til Ranheim Idrettslag, er òg sjølve klubben delt inn i ulike avdelingar for fotballaktivitet. Det er tre hovudskilje; toppfotball, breiddefotball og miljøfotball, der toppfotballen er representert ved herrelaget og eliten blant juniorane, breiddefotballen ved kvinnelaget og diverse aldersbestemte lag bak elitelaget i juniorklassen og miljøfotballen ved lag for funksjonshemma, veteranar og øvrige.
Ranheim som idrettslag har i lang tid vore sentral i trøndersk og norsk idrettshistorie. Det er derimot fotballavdelinga som er den største greina i idrettslaget, og skal verke som eit knutepunkt mellom dei andre greinene i organisasjonen slik at det vert skapt samhald og tilhøyrsle i lokalområdet. Basert på gamle tradisjonar og nye impulsar skal fotballavdelinga vere i stadig utvikling, både sportsleg og organisatorisk.[2]
Hovudmålet til Ranheim har i lang tid vore å rykke opp i og etablere seg i Adeccoligaen. Samstundes er klubben klar på at de ikkje vil bruke pengar dei ikkje har. Før opprykket til Adeccoligaen var hovudtrenar Per Joar Hansen opptatt av at Ranheim ikkje skulle ha heiltidsspelarar i 2. divisjon, då høge spelarlønningar og ekspansiv økonomi ofte har ført til økonomisk krise i andre klubbar.[3] Òg etter opprykkssesongen gjekk Ranheim inn for å redusere spelarlønningane føre sin første sesong i Adeccoligaen, trass opprykk til noko som per definisjon vert kalla toppfotball med medførande mindre tid til jobb og skule ved sida av. Dette såg ut til å føre til ein spelarflukt frå klubben, og det var då òg ein del som drog, men etter kvart signerte dei fleste av dei som var ønska med vidare ny kontrakt.[4] Ranheim budsjetterte med 7,6 millionar kroner for debutsesongen i Adeccoligaen, ein auke på i underkant av tre millionar i forhold til førre sesong.[5][6]
Eit anna viktig haldepunkt for Ranheim er at spelarane skal ha sterk lokal tilknyting til klubben. Det vert sikta mot ein såkalla Athletic Bilbao-profil, der spelarstallen skal bestå av minst 90 prosent trønderar.[7] For Ranheim omfattar det å vere klubb nummer to i Trondheim og Trøndelag dermed at dei beste trønderske spelarane under Rosenborg sitt nivå – eller eventuelt Rosenborg-spelarar som treng ein passande arena for utvikling – samlar seg i klubben, slik at Ranheim sitt nivå blir merkbart betre enn rivaliserande lag på same eller lågare nivå i divisjonane i fotballhierarkiet.[8]
Heimebanen til Ranheim heter DNB Arena, tidlegare kjent som Ranheim Stadion. Den offisielle rekorden er på rundt 7 500, frå då Ranheim spelte ein avgjerande kamp for å vinne førstedivisjon i Trøndelag 30. mai 1949 mot Kvik Trondheim.[9]
Banen har gjennomgått diverse modifikasjonar sidan den gong, mellom anna innføring av grasbane i 1939 og gjenoppbygging av stadionet etter andre verdskrigen. I høvet opprykket til Adeccoligaen skal stadionet på nytt vidareutviklast. Dei seks første heimekampane til Ranheim i Adeccoligaen vart spelt i Abrahallen.[10] Første heimekamp for Ranheim i Adeccoligaen vart følgt av 490 betalande publikummarar i Abrahallen 11. april 2010.
Vinterserien: 2006, 2007 og 2008
År | Namn | Mål |
---|---|---|
2007 | Geir Holthe | 19 |
2008 | Geir Holthe | 15 |
2009 | Geir Holthe | 14 |
2010 | Robert Stene | 10 |
2011 | Jo Sondre Aas | 16 |
Trenar | Periode |
---|---|
Kåre Ingebrigtsen | 2006–2007 |
Tore Grønning | 2007–2008 |
Per Joar Hansen | 2008–2010 |
Aasmund Bjørkan | 2011–2012 |
Trond Nordsteien | 2013- |
|
|