Ramot Menashe
kibbutz
Land  Israel
Region Menasheplatået
Distrikt Nord distrikt
Kommune Megiddo
Koordinatar 32°35′48.11″N 35°3′25.92″E / 32.5966972°N 35.0572000°E / 32.5966972; 35.0572000
Folketal 1 159 (2019)[1]
Grunnlagd 1948
 •  Grunnlagd av Polske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Ramot Menashe
32°35′48″N 35°03′26″E / 32.596697222222°N 35.0572°E / 32.596697222222; 35.0572
Wikimedia Commons: Ramot Menashe (Kibbutz)
Nettstad: Ramot Menashe

Ramot Menashe (רָמוֹת מְנַשֶּׁה, tyder Menashehøgdene) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg på Menasheplatået mellom Karmelberget og Jezreeldalen, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2011 var folketalet 1 013 og vart same året ein del av eit biosfærereservat.[2]

Historie

[endre | endre wikiteksten]

Ramot Menashe vart grunnlagd i juli 1948 av immigrantar frå Polen[3], mange av dei Holocaust-overlevande som hadde delteke i ghetto-opprøra mot nazistane. Opp gjennom tida har folk frå forskjellige land kome til, som frå Chile, Uruguay, Argentina, Brasil, Cuba og Israel, alle medlemmar av den sosialistiske sionistrørsla Hashomer Hatzair.

I 1990-åra vart Ramot Menashe privatisert, og i 2007 tok han i mot 138 nye familiar.

I følgje den israelske historikaren Benny Morris,[4] ligg kibbutzen på landområde nær Daliyat al-Rawha', ein avfolka arabisk landsby, medan den palestinske historikaren Walid Khalidi skriv at landområdet høyrte til den tidlegare landsbyen Sabbarin.[5]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/northern/yizreel/0445__ramot_menashe/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003252.
  2. «UNESCO Biosphere». 
  3. Vered, Abraham & Porat, Lynne (2012). Ramot Menashe: Memories from the First Decade. Charleston, SC: Create Space.
  4. Morris, Benny (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. Cambridge: Cambridge University Press. p. xx.
  5. Khalidi, Walid (1992). All That Remains: The palestinske Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies. pp. 158, 187.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]