Powhatan
Klassifisering: Algisk
 Algonkinsk
  Austleg
Bruk
Utdøydd: Rundt 1800
Skriftsystem: Latinsk
Språkkodar
ISO 639-3: pim
Pocahontas (ca. 1595–1617), dotter til Wahunsenacawh (d. 1618), hovding i Powhatan-konføderasjonen.

Powhatan – også kalla Virginia-algonkinsk (engelsk Virginia Algonquian, Virginia Algonkian) – er det tidlegare språket til powhatan-renape-nasjonen (engelsk The Powhatan Renape Nation).[1] Powhatan høyrer til den austalgonkinske greina av dei algonkinske språka. Det har vore uklårt kva tid språket gjekk av bruk, og Thomas Jefferson hevda at powhatan-folket «lost their language» 'miste språket sitt' på 1700-talet, men det er no kjent at språket til ein viss grad blei nytta eit godt stykke inn på 1800-talet.[2] Powhatan er mellom anna kjent som morsmålet til Pocahontas (eigentleg heitte ho Matoaka), dotter til hovdingen Wahunsenacawh (d. 1618), som gifta seg med europearen John Smith.

Dokumentasjon

[endre | endre wikiteksten]
Kaptein John Smith (ca 1580–1631)

På grunn av to ordlister, skrivne av kaptein John Smith (ca. 1580–1631) (Smith 1624/1997) og William Strachey (1572–før 21. juni 1621) (Strachey 1624/1849/1999), er powhatan betre dokumentert enn dei fleste andre av dei utdøydde sørlege aust-algonkinske språka. Særleg er ordlista til Strachey veldig innhaldsrik. Som Frederic W. Gleach skriv i føreordet til 1999-utåva av Strachey (1624/1849/1999), er det vanskeleg å nytte desse ordlistene utan solid kjennskap til aust-algonkinske språk, for både Smith og Strachey hadde store problem med å uttrykkje lydsystemet i powhatan gjennom den engelske ortografien. Det er likevel ikkje vanskeleg å sjå likskapen med andre algonkinske språk; her er nokre få powhatan-ord frå Strachey (1624/1849/1999) jamførte med prærie-cree:

William Strachey 1624 Prærie-cree
amonsoquath, momonsacqweo bear maskwa bjørn
mawhcasuns shoes maskisin mokasin
attemous, attomois dog atim 'hund'
muskiendguk eye miskīsik 'auga'
woskan, wousckan a bone oskan 'bein, knokkel'
Flagget til powhatan-renape-nasjonen.

Powhatan-ord i engelsk og norsk

[endre | endre wikiteksten]
Jamestown i Virginia
Kart over USA med delstaten Virginia markert.

Powhatan-folket budde i dei austlege delane av det som no er den amerikanske delstaten Virginia då engelskmenn etablerte seg i Jamestown i Virginia-kolonien i 1607, og difor har engelsk fleire lånord frå powhatan. Somme av dei har òg kome inn i norsk. Her er nokre døme; i venstre kolonne står orda i den forma dei har i Strachey (1624/1849/1999):

William Strachey 1624 Moderne engelsk Norsk
tamahaac, tamohake hatchet tomahawk tomahawk
mawhcasuns shoes moccasin mokasin
pushenims, pichamnis a plum is very delicious when it is ripe; an excellent plum persimmon (daddelplomme)
aposon beast in bigness like a pig and in taste alike opossum opossum (virginiapungrotte)
arathkone beast like a fox raccoon (vaskebjørn)

Fotnotar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Ethologue om powhatan
  2. Jf. Frederic W. Gleach i føreordet til 1999-utåva av Strachey (1624/1849/1999)

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]