Piraja er ei fellesnemning for fleire søramerikanske ferskvassfiskar i karpelaks-familien med markerte, skarpe tenner. Dei er normalt frå 15 til 25 centimeter lange. Navnet «piraja» kjem via spansk piraña eller portugisisk piranha frå tupi-guarani der pirá betyr 'fisk' og sanha eller ranha betyr 'tann'.
Pirajaer lever i elver i Sør-Amerika. Hovudsakleg finst fiskane i Amazonas og i elver i Guyana og Paraguay. Arten Pygocentrus piraya lever i elva Rio São Fransisco i Brasil. Dei lever stort sett av frø og plantemateriale, og som predatorar og åtseletarar på insekt og andre fisk.[1]
Nokre av fiskane kan gå til åtak på menneske. Dei har eit ufortent rykte på seg for å vera menneskeetarar, sjølv om visse territorielle artar kan angripa badande menneske for å forsvara territoriet sitt, særleg når vasstanden er låg.[2]
Vandrehistorier om piraja seier at nokre av dei (Pygocentrus nattereri) kan eta alt kjøtet av eit stort dyr, som kveg eller menneske, på nokre sekund. [3] Den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt skildra fisken som særs blodtørstig og farleg etter å ha vitja Brasil i 1913, og vore vitne til at fiskar som var blitt fanga i eit lite område i fleire dagar av lokale fiskarar beit sund i ei ku som blei dytta oppi vatnet.[4][5]
Ei anna vandrehistorie frå Brasil fortel at fiskane stimer raskt gjennom elvene og går til åtak på det første kveget som går i vatnet, slik at resten av bølingen kan gå trygt over.[6] Denne åtferda blei funnen å ikkje stemma av forsking utført av Helder Queiroz og Anne Magurran i Biology Letters.[7]
Piraja som blodtørstige fiskar er blitt skildra i fleire filmar, som James Bond-filmen You Only Live Twice frå 1967, Piranha frå 1978, Piranha II: The Spawning frå 1981 og Piranha 3D frå 2010.