Peter Bonetti


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 27. september 1941
Putney
Død 12. april 2020 (78 år)
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1970, VM i fotball 1966

Peter Philip Bonetti (27. september 194112. april 2020) var ein engelsk fotballspelar frå London. Han var målvakt for Chelsea FC i tida 1960 til 1979 og spelte 600 ligakampar for klubben, bortsett frå tre sesongar i andre divisjon deltok han på høgste nivå i ligaen.

Karriere

[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel

[endre | endre wikiteksten]

Bonetti var med om å vinne ligacupen 1965 og tape FA-cupfinalen 1967. Høgdepunkta i karrieren kom då Chelsea vann FA-cupfinalen 1970 over Leeds United med 2-1, og då han og lagkameratane den 21. mai 1971 vann med dei same siffera over Real Madrid i finalen i Cupvinnarcupen. Begge desse finalesigrane kom gjennom omkampar.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Bonetti spelte 7 landskampar for England i tida 1966-1970. Både under VM 1966 og VM 1970 var han med i den engelske troppa, men deltok berre i kvartfinalen mot Vest-Tyskland under Mexico-VM, ein kamp England tapte med 2-3.

Merittar

[endre | endre wikiteksten]

Han var son til innvandrarar frå Sveits.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]