Per Ivar Moe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1944 (79 år)
Ålesund kommune
Yrke skøyteløpar
Per Ivar Moe på Commons
Per Ivar Moe til høgre, saman med Svein Erik Stiansen i 1966

Per Ivar Moe (fødd 11. november 1944) er ein norsk tidlegare skeiseløpar, oppvoksen på Lillehammer. Han vart verdsmeister på skeiser 1965 i Oslo, året etter han vann noregsmeisterskapen i Tønsberg. Moe var medlem i Oslo Idrettslag.

Moe slo gjennom i 1963-sesongen. Han vart tredjemann då Noreg vann firedobbelt under skeise-EM 1963, med Nils Aaness heilt øvst på sigerspallen. Også i 1964 kom Moe på bronseplassen i EM, ei veke før han braut Knut Johannesen si lange sigersrekke i NM på skeiser ved å vinne laurbærkransen under NM i Tønsberg. Ti dagar seinare måtte Moe sjå slått med to tidels sekund i kampen om gullmedaljen på 5000 meter under Vinter-OL 1964 i Innsbruck. Moe fekk notert 7.38,6, seinare kom Johannesen i mål på vinnartida 7.38,4.

Etter sølvmedaljar i NM 1965 og EM 1965. kom høgdepunktet for Moe då han vart verdsmeister på Bislett stadion i Oslo 14. februar 1965. Han vart då den fyrste nordmannen som gjekk til topps i eit skeise-VM på Bislett. Moe kom på tredjeplass under NM 1966 i Drammen. Eit par veker etter deltok han i EM i Deventer, der han ramla på 5000-meteren. Han la deretter vekk skeisene, 21 år gammal.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]