Per Egil Hegge

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mars 1940
Trondheim
Død

12. oktober 2023 (83 år)

Yrke journalist, redaktør, spaltist, biograf, redaktør
Medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur
Mor Mary Hegge
Per Egil Hegge på Commons

Per Egil Hegge (6. mars 194012. oktober 2023) var ein norsk journalist og pressemann. Han var redaktør i Aftenposten og A-magasinet, korrespondent i Washington, DC, (1977–1981 og 1988–1992), i London og i Moskva (1969–1971). Han var kjend for ei fast språkspalte i Aftenposten og som ein profilert kritikar av Språkrådet, der han sjølv hadde vore medlem. Han var aktiv i riksmålsrørsla og var medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.

Livssoge

[endre | endre wikiteksten]

Hegge vart fødd i Trondheim. Foreldra hans var lærarane Ola og Mary Hegge, som fyrst arbeidde i Skatval i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. I 1941 flytta dei til Inderøy, der Per Egil voks opp, «å lert sæ å snakk intrønder».[treng kjelde]

Hegge tok examen artium ved Steinkjer offentlige landsgymnas i 1959. Han vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo med faga russisk og engelsk mellomfag og statsvitskap grunnfag. I tillegg tok han Forsvaret sitt språkkurs i russisk. Til trass for at han hadde store kunnskapar i og interesse for det norske språket, studerte han det aldri på universitetsnivå.

I 1959 tok han til som journalist i Trønder-Avisa. Seinare vart han journalistlærling i NTB. Frå 1962 og i 43 år framover var han tilsett i Aftenposten.

I 1963 gifta han seg med Birgit Wedege frå Danmark og lærte seg etter kvart å tala dansk. Dei fekk tre born saman.

Tida i Aftenposten

[endre | endre wikiteksten]

Hegge vart tilsett i Aftenposten i 1962, der han arbeidde som journalist, utanrikskorrespondent, kommentator og redaktør. Han skreiv mange reportasjar frå rettssaker og er kjend for den faste språkspalta si i morgonutgåva. Han var òg redaktør for fredagsmagasinet A-magasinet.

Hegge var utanrikskorrespondent for Aftenposten i Moskva, i London og i Washington D.C.. I 1971 vart han utvist frå Sovjetunionen. Den 25. april 2005 vart han pensjonist, men han skreiv språkspalter etter det.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Per Egil Hegge