Peder J. Finde | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1610 Førde |
Død |
10. september 1691 (81 år) |
Yrke | prest |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Peder Jørgenson Finde (fødd 1610 i Oslo, død 10. september 1691)[1] var sokneprest i Førde frå 1637, og prost i Sunnfjord frå 1659. Han la under seg store eigedommar og åtte fjerdeparten av all jord i Førde, i tillegg eigedommar over heile Vestlandet. Han var den største jordeigar og ein av dei rikaste personar i Sunnfjord i si tid.[2]
I 1643 gav han Førde kyrkje ei altertavle i barokk, den er fortsatt i kyrkja.[2]
Han var son av Jørgen P. Finde, rådmann i Oslo, og soneson av Peder N. Finde, borgarmeister i Aalborg. Han var gift med Barbara (Lussi[2]) Nitter, dotter av kjøpmann Henrik Nitter. Dottera Anna (eller Anne) (1645-1728) var gift med presten Iver Leganger i Vik. Sonen Henrik (1643-1700) var sokneprest i Førde etter faren. Sonen Jørgen (1644-1705) var sokneprest i Aurland. Dottera Maren var gift med tre gongar, alle ektemennene var sokneprestar i Jølster. I andre ekteskap var han gift med Anne Stoud. To sonar frå andre ekteskap vart også prestar: Rasmus (1649-1694) i Gloppen og Otto (død 1741) i Volda. Ottos dotter Anne Elisabeth var gift Niels Astrup (1681–1743), medan dottera Maren var gift med sokneprest i Os Nils Leganger. I tredje ekteskap var Finde gift med Beate Christensdatter. [1]