Linus | |||
| |||
Linus | |||
Dåpsnamn | Linus | ||
---|---|---|---|
Fødd | Tidspunkt ukjent Volterra i Toscana | ||
Død | Ca. 79 Roma | ||
Vald | Ca. 68 | ||
Innsett | Ca. 68 | ||
Saligkåra: | Kort tid etter sin død. | ||
Heilagkåra: | Kort tid etter sin død. | ||
Festdag: | 23. september | ||
Føregangar: | Apostelen Peter | ||
Etterfylgjar: | Kletus |
Linus (død rundt 79) var pave frå rundt 68 til sin død. Han var den andre paven, rett etter Apostelen Peter. Ifølgje Tertullian vart Peter etterfølgt av Klemens I, men dette er i strid med alle andre kjelder.
Det er uklart når Linus vart pave. Peter lei martyrdøden i 64 eller 67, og dei fleste kjelder seier at han vart pave i 67 eller 68. Den heilage stolen skriv i si offisielle paveliste at det var i 68. Eusebius av Cæsarea hevder det var i 69, Catholic Encyclopedia seier 64, Liber Pontificalis 56 og Den liberianske katalog 55. Det er mogleg at han var Peters hjelpebiskop frå 55 eller 56, og at dette er årsaka til den tidlege dateringa i nokre kjelder.
Ifølge Ireneus av Lyon, i Adversus haereses III.iii.3, var pave Linus identisk med den Linus som blir nemnt av Paulus i hans Andre brev til Timoteus, 4,21.[1] Det er ikkje sikkert om dette er ein korrekt påstand, eller om det er ei seinare namneforveksling.
Svært lite er kjent om livet til Linus. Han skal ha blitt fødd i Volterra i Toscana. Foreldra heite kanskje Herculaenus og Claudia. Ein del skrift vart tidlegare tilskrivne Linus, men desse har vist seg å vere fiktive eller usikre. Det vart lenge hevda at han nedfelte eit påbod om at kvinner skulle dekke til hovudet i kyrkja, men dette blir no rekna som svært tvilsamt. Ei forteljing om Peters og Paulus' martyrium, på latin, vart også lenge hevda å vere Linus' verk, men det er fastslått av det vart skrive i det 6. hundreåret.
Det er også noko uklårt kva tid han døydde. Dei fleste meiner det var i 79, men dateringa varierer i kjeldene mellom 67 og 81. Ifølge Liber Pontificalis døydde han som martyr, mens Ireneus seier han døydde ein naturleg død. Sida det ikkje pågjekk noko kristenforfølging på hans tid er det usannsynleg at han lei martyrdøden.
Hans minnedag er den 23. september. Dette er dødsdagen som er oppgitt i Liber Pontificalis, og dagen er såleis knytt til det tvilsame martyriet. Datoen har likevel blitt behalden, då ein ikkje har betre alternativ som gjer det viktig å gjere om på tradisjonen. Han skal ha blitt gravlagt på Vatikanhøgda, og det vart i det 7. hundreåret funne ei innskrift i nærleiken av Peters grav som nemner ein Linus.
Pavar i den katolske kyrkja i kronologisk ordning | |
---|---|
Første hundreåret til 400-talet | Peter • Linus • Kletus I • Klemens I • Evaristus • Aleksander I • Sixtus I • Telesphorus • Hyginus • Pius I • Anicetus • Soter • Eleutherus • Viktor I • Zephyrinus • Calixtus I • Urban I • Pontianus • Anterus • Fabianus • Cornelius • Lucius I • Stefan I • Sixtus II • Dionysius • Felix I • Eutychianus • Gaius • Marcellinus • Marcellus I • Eusebius • Miltiades • Sylvester I • Markus • Julius I • Liberius • Damasus I • Siricius • Anastasius I • Innocent I • Zosimus • Bonifatius I • Celestinus I • Sixtus III • Leo I • Hilarius • Simplicius • Felix III • Gelasius I • Anastasius II • Symmachus |
500-talet til 900-talet | Hormisdas • Johannes I • Felix IV • Bonifatius II • Johannes II • Agapetus I • Silverius • Vigilius • Pelagius I • Johannes III • Benedikt I • Pelagius II • Gregor I • Sabinianus • Bonifatius III • Bonifatius IV • Adeodatus I • Bonifatius V • Honorius I • Severinus • Johannes IV • Theodor I • Martin I • Eugenius I • Vitalianus • Adeodatus II • Donus • Agatho • Leo II • Benedikt II • Johannes V • Konon • Sergius I • Johannes VI • Johannes VII • Sisinnius • Konstantin I • Gregor II • Gregor III • Zacharias • (Stefan) • Stefan II • Paul I • Stefan III • Hadrian I • Leo III • Stefan IV • Paschalis I • Eugenius II • Valentinus • Gregor IV • Sergius II • Leo IV • Benedikt III • Nikolas I • Hadrian II • Johannes VIII • Marinus I • Hadrian III • Stefan V • Formosus • Bonifatius VI • Stefan VI • Romanus • Theodor II • Johannes IX • Benedikt IV • Leo V • Sergius III • Anastasius III • Lando • Johannes X • Leo VI • Stefan VII • Johannes XI • Leo VII • Stefan VIII • Marinus II • Agapetus II • Johannes XII • Benedikt V • Leo VIII • Johannes XIII • Benedikt VI • Benedikt VII • Johannes XIV • Johannes XV • Gregor V • Sylvester II |
1000-talet til 1400-talet | Johannes XVII • Johannes XVIII • Sergius IV • Benedikt VIII • Johannes XIX • Benedikt IX • Sylvester III • Benedikt IX • Gregor VI • Klemens II • Benedikt IX • Damasus II • Leo IX • Viktor II • Stefan IX • Nikolas II • Aleksander II • Gregor VII • Viktor III • Urban II • Paschalis II • Gelasius II • Calixtus II • Honorius II • Innocens II • Celestinus II • Lucius II • Eugenius III • Anastasius IV • Hadrian IV • Aleksander III • Lucius III • Urban III • Gregor VIII • Klemens III • Celestinus III • Innocens III • Honorius III • Gregor IX • Celestinus IV • Innocens IV • Aleksander IV • Urban IV • Klemens IV • Gregor X • Innocens V • Hadrian V • Johannes XXI • Nikolas III • Martin IV • Honorius IV • Nikolas IV • pave Celestinus VCelestinus V • Bonifatius VIII • Benedikt XI • Klemens V • Johannes XXII • Benedikt XII • Klemens VI • Innocens VI • Urban V • Gregor XI • Urban VI • Bonifatius IX • Innocens VII • Gregor XII • Martin V • Eugenius IV • Nikolas V • Calixtus III • Pius II • Paul II • Sixtus IV • Innocens VIII • Aleksander VI • Pius III |
1500-talet til 1900-talet | Julius II • Leo X • Hadrian VI • Klemens VII • Paul III • Julius III • Marcellus II • Paul IV • Pius IV • Pius V • Gregor XIII • Sixtus V • Urban VII • Gregor XIV • Innocens IX • Klemens VIII • Leo XI • Paul V • Gregor XV • Urban VIII • Innocens X • Aleksander VII • Klemens IX • Klemens X • Innocens XI • Aleksander VIII • Innocens XII • Klemens XI • Innocens XIII • Benedikt XIII • Klemens XII • Benedikt XIV • Klemens XIII • Klemens XIV • Pius VI • Pius VII • Leo XII • Pius VIII • Gregor XVI • Pius IX • Leo XIII • Pius X • Benedikt XV • Pius XI • Pius XII • Johannes XXIII • Paul VI • Johannes Paul I • Johannes Paul II • |
2000-talet til idag | |