Paul Olsen Thrane

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. desember 1751
Enebakk kommune, Ytre Enebakk
Død

15. februar 1830 (78 år)
Fredrikstad

Yrke forretningsdrivande

Paul Olsen Thrane (fødd 5. desember 1751 i Enebakk, daud 15. februar 1830 i Fredrikstad) var ein norsk forretningsmann og ein av Christianias mektige menn tidleg på 1800-talet.[1]

Biografi

[endre | endre wikiteksten]

Thrane studerte handelsfaget under justisråd Peter Elieson frå Hafslund (tettstad) og kjøpmann Dørcker i Frederikshald, og gifta seg med dottera til Dørcker, Kristin Marie, i 1778.[2] Paret flytta til Christiania (1780), der han fekk engasjement ved Bordtomtene nokon år, før han kjøpte Tiedemanns Tobaksfabrik på Vaterland (1784). Fabrikken vart drive under namnet Paul Olsen Thrane Tobaks-fabrique, flytta til torget i byen (1787) og selt til Claus Winther (1816). Thrane dreiv òg innan trelast.

Han var i borgarforsamlinga i byen (1794–1800), og dessutan utnemnd til forlikskommissær (1809–12). I denne tida vart han den første stadthauptmann i Christiania borgervæbning (1801). Tidlegare hadde  Thrane vore med på etableringa av Det Dramatiske Selskab der han òg var skodespelar (1799) og av det første musikalske selskapet i byen, Det musicalske Lyceium (1810). Sjølv om Thrane var kjent som antirojalist var han nær ven av, og forlovar for naboen sin på Bygdøy, prins og vise-statthaldar Frederik av Hessen (1813).

Han åtte Thranes løkke ved dagens Rodeløkka, og dessutan Henningslyst på Bygdøy (1802–19). I heimtraktene sine ved Sarpsborg kjøpte Thrane  Borregaard (1812) og Borregaard Hovedgård der han tidvis budde (1814–1818). Frå Jørgen Young kjøpte han Youngsløkken (ved dagens Youngstorget, 1818) og budde sjølv i Storgata 3 (huste står enno). Han var stortingsrepresentant 1818–1820 for Christiania.

Etterkvart fekk han store finansielle problem med Borregaard, og saman med ein storbrann i eigedomane hans på Bordtomtene (1819) innstilte han betalingar i to periodar (1820, 1826) og selde alt i ein konkurs (1828).[3] Han flytta så til Fredrikstad.

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. geneologi fra nermo.no
  2. biografi fra Runeberg.
  3. William Thrane og "Adressetidende" fra Porsgrunn folkebibliotek