Patrick Chamoiseau

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 3. desember 1953 (70 år)
Fort-de-France
Yrke skribent, fengselsintegrerings- og friomsorgsrådgjevar, videospillsforfatter
Språk fransk
Sjanger créolité
Patrick Chamoiseau på Commons

Patrick Chamoiseau (fødd 3. desember 1953) er ein fransk forfattar på Martinique som er kjend for arbeidet sitt for den litterære rørsla Créolité. Han mottok Goncourtprisen 1992 for romanen Texaco.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Chamoiseau blei fødd i Fort-de-France på Martinique. Etter å ha studert juss i Paris vende han tilbake til heimstaden, inspirert av Édouard Glissant til å interessera seg for den kreolske kulturen. Chamoiseau har skrive eit historisk verk om Antillane under Napoleon I si regjeringstid og fleire faktabøker, mellom anna Eloge de la créolité, som han skreiv saman med Jean Bernabé og Raphaël Confiant. Chamoiseau blei løna med den kreolske Carbetprisen (1990) for Chemins d'enfance.[1] Romanen Texaco vann Goncourtprisen i 1992, og blei vald ut av New York Time som Notable Book of the Year.

Chamoiseau kan òg reknast som ein av dei meste nyskapande forfattarane på den franske litterære scenen sidan Louis-Ferdinand Céline. Den frie bruken hans av det franske språket – ei særs komplisert og flytande blanding av konstant innovasjon og «kreolisme» – driv intensive og sanselege skildringar av menneske på Martinique spesielt og av menneskja generelt.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Romanar

[endre | endre wikiteksten]

Antan d’enfance, Chemin d’école og À Bout d’enfance utgjer den sjølvbiografiske trilogien Une enfance Créole.

Drama

[endre | endre wikiteksten]

Filmar

[endre | endre wikiteksten]

Teikneseriar

[endre | endre wikiteksten]

Barnelitteratur

[endre | endre wikiteksten]

Essay

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Patrick Chamoiseau Arkivert 26. november 2009 på Wayback Machine., Prix Carbet, läst 13 mars 2010.