Pasientfokus
LandNoreg
Partileiar(ar)Irene Ojala
Grunnlagtapril 2021
HovudkvarterAlta
Ideologienkeltsaksparti, regionalisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrisme
Slagord«For flokken i Alta, Kautokeino og distriktene»
Stortings-
representantar
1 / 169

Pasientfokus er eit norsk politisk parti. Det stilte liste i Finnmark til stortingsvalet 2021 og fekk 0,2 % oppslutning nasjonalt og 13,1 % i Finnmark. Resultatet førte til at partileiaren Irene Ojala blei vald inn på Stortinget.

Den høgst prioriterte saka til partiet er nytt akuttsjukehus i Alta.[1]

Partiet starta i 2017 som ein organisasjon under namnet «Postkortaksjonen» til støtte for betre helsetilbod i Alta og Kautokeino.[2] I 2020 blei aksjonen ført vidare med stiftelsen «Alta Sykehus med Pasientfokus» og ein grunnkapital på 100 000 kr.[3]

Kjelder

  1. Horn, Knut-Sverre (10. september 2021), «Meningsmåling: Pasientfokus fra Finnmark kan havne på vippen i Stortinget», NRK (på norsk bokmål), henta 14. august 2023 
  2. «Opprøret mot pengekjøret i helsevesenet har nå fått sin egen organisasjon: – Penger er både mål og middel». Fagbladet. 9. oktober 2020. 
  3. «Sykehusstiftelse på plass». Altaposten. 11. desember 2020. Henta 28. september 2021. 

Bakgrunnsstoff