Eit parsisk ektepar med slektningar på bryllaupsdagen

Ein parsar er ein tilhengjar av parsismen, eller rettare av Zarathustra si lære. Parsarar har tradisjonelt budd i India, særleg Gujarat og Mumbai, Pakistan og Iran, men har i notida slått seg ned i nesten heile verda.

Etter at arabarane vann over det persiske riket i det 8. hundreåret blei ein stor del av persarane konvertert til islam. Dei som ville halda på parsismen måtte betala jizya-skatt, og vart veldig lenge sett som annrangs menneske. Dei hadde ikkje lov til å ri på hestar, kunne ikkje bli soldatar eller ha våpen og måtte bruka spesielle klede. Frå det 9. hundreåret til det 12. hundreåret flytta mange parsarar til Gujarat i India og busette seg der, men nokre få vart verande i Persia, særleg i Yazd, Kerman og Teheran. Parsarar i India tok til seg mange indiske vanar og gav opp mange skikkar som ikkje passa i India, særleg om offer. Dei bruker enno ein gujaratisk dialekt som morsmål og har gujaratiske etternamn. Folkedraktene deira er også svært like gamle gujaratiske klede.

I mange hundre år var dei indiske parsarane bønder, men under det britiske styret flytta mange av dei til Bombay (no Mumbai) der dei blei framgangsrike handelsfolk og forretningsfolk. Dei tok til seg mange europeiske verdiar og veremåter og blei eit av dei meste utvikla samfunna i landet. Dei var blant dei første som sendte barna sine til Europa for å studera og fekk slutt på kvinnediskriminering og barneekteskap.

I det 19. hundreåret blei indiske parsarar meir opptekne med tilstanden til parsarane i Persia. Dei grunnlagde organisasjonar for å hjelpa dei med pengar og utdanning, og prøvde å påverka det persiske riket til å slutta å diskriminera imot parsarane. Med hjelp av den britiske staten fekk dei høve til å gjera det, og i Reza Shah si regjeringstide fekk parsarane i Persia nesten alle rettane som muslimane hadde. I notida har parsarane i Iran rett til å ha minst ein representat i det iranske parlamentet.

Parsarar har forskjellige namn for indiske og iranske tilhengjarar av parsismen. Indiske parsarar heiter «parsi», eit gujaratisk ord som tyder 'ein som kjem frå Pars' (eit gammalt namn til Fars, ein region i Iran). Ordet var første brukt i det 9. hundreåret for å skildra dei som hadde flykta frå religiøs forfølging i Persia, og snart blei namnet til samfunnet deira i India. Dei norske orda 'parsar' og 'parsismen' kjem frå ordet "parsi". Parsarar frå Iran heiter 'gabar', som kjem frå den same rota som arabisk kaffir vantru. Namnet som parsarar bruker for alle tilhengjarar av parsismen er "Mazdayasni" (Mazda-dyrkar) eller "Zarthosti" (tilhengjar av Zarathustra).

Bibliografi