Paroaria
Oppe til venstre: Paroaria coronata
Oppe til venstre: Paroaria coronata
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Paroaria
Bonaparte, 1832

Paroaria er ei biologisk slekt av seks artar sporvefuglar med samla utbreiing over mykje av Sør-Amerika aust for Andesfjella. Dei har fellesnemninga «kardinal» etter fjørdrakta med raud hette i kontrast til mørk overside og kvit underside.

Desse fuglane er per 2017 klassifiserte som tanagarar jamvel om dei har likskap med fuglar i kardinalfamilien som tradisjonelt har hatt populærnamnet kardinalar. Fram til få år tilbake var dei plasserte i busksporvfamilien som den gongen òg inkluderte amerikanske sporvar, i dag i amerikasporvfamilien, Passerellidae.

Skildring

Gråkardinal, Paroaria coronata
Foto: Julião Freitas Martinez

Paroaria-kardinalar er typisk 16,5 centimeter i kroppslengd, nebb i meir eller mindre kraftig gult, eller dels grått, og generelt kvit underside og grå til mørkgrå overside. Artane er mykje einsarta, fjørdrakta til raudpannekardinal skil seg mest ut, han manglar den den raude hetta som elles er kjennemerket for slekta. I staden har raudpannekardinal svart hovud med raud panne og varierande grad av raudt i strupen avhengig av underart. Raudpannekardinal kan berre treffast i lågtliggande skogsområde nær elver, i eit lite område av sentrale Brasil. Arten med høg fjørtopp, gråkardinal, skil seg frå dei andre artane i storleik, 19 cm i kroppslengd.

Leveområdet for denne gruppa er samla sett i Sør-Amerika aust for Andes, men dei har fråvære frå nordlegaste Colombia og Venezuela og frå område sør for Buenos Aires. Gulnebbkardinal lever lengst sør, finst i sørlegaste Brasil, Paraguay og nordaustre Argentina.

Føretrekte habitat varierer med arten, men felles er at det er lågtliggande, 0 til 500 moh., dominikanarkardinal i nordaustre delar av Brasil skil seg ved å gå opptil 1200 moh. Fleire artar finst i opne eller halvopne, gjerne fuktige habitat, tiltrekte av vatn. Somme treffast ved gardsbruk eller i parkar.

Føda er ei blanding av plantekost som frø, bær og insekt, men to av artane er skildra som mest vegetaretande, raudpannekardinal som mest insektetar. Dei beitar på bakken eller i låge buskar, ofte parvis eller i små flokkar utanom hekkesesongen.

Dei bygger reir i tregreiner få meter over bakken eller hengande over vatn. Kulla er på 2 til 4 egg varierande med arten.

Dette er standfuglar. Alle artane er kategoriserte som globalt livskraftige av IUCN.

Artslista

Paroaria i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Kjelder

Referansar

  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Paroaria