Oxfjella | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Region | Connacht | ||
Oxfjella 54°10′00″N 8°50′00″W / 54.166666666667°N 8.8333333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Ox Mountains |
Ox-fjella (Ox Mountains eller Slieve Gamph (irsk Sliabh Gamh)[1] er ei fjellkjede i County Sligo på vestkysten av Irland. Dei er også kjende som Saint Patrick's Mountains etter heilage Patrick, som bygde kyrkjer i fjellsidene og fekk vasskjelder her kalla opp etter seg.[2]
Den høgaste toppen i Ox-fjella er Knockalongy, som er 544 meter (1 785 ft) høg.[3]
Fjellkjeda tek til like sørvest for Ballysadare, og går vest-sørvest i rundt 65 km til grensa til County Mayo. Der fortset ho i sørvest som Slieve Gamph-fjella, som først går langs grensa mellom dei to grevskapa og deretter inn i Mayo. Fjella har fleire toppar på mellom 360 og 550 meter. Slieve Gamph er 415 meter høgt.[4]
Gneis, glimmerskifer og granitt er bergartane som dannar Ox-fjella. Opplandet er for det meste dekt av teppemyr. Nokre delar er skogdekte, medan andre har bar stein. I nord og sør er grunnen av kalkstein og sandstein, og blir brukt til jordbruk.[5] Tidlegare hadde ein bly- og kopargruver i Ox-fjella, men desse var blitt nedlagde i 1900.[4]
Namn | Høgd |
---|---|
Knockalongy | 544 m |
Annatoran | 512 m |
Cloonacool | 440 m |
Sruffaungarve Top | 400 m |
Meenamaddo | 330 m |
Knocknashee | 276 m |