On the Beach
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 19. juli 1974[1]
Innspelt 5. februar til 7. april 1974
Studio Arrow Ranch i Woodside i California; Sunset Sound Recorders i Hollywood i California
Sjanger Rock
Lengd 39:40
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, David Briggs (spor 1 & 4),
Mark Harman (spor 2-3 & 5),
Al Schmitt (spor 6-8)
Neil Young-kronologi 
Time Fades Away
(1973)
On the Beach Tonight's the Night
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[2]
Pitchfork(9.5/10)[3]
Rolling Stone(positiv)[4]
Robert ChristgauA−[5]

On the Beach er det femte studioalbumet til Neil Young og kom ut i 1974. Det var ikkje tilgjengeleg på CD før det vart gjeve ut på HDCD den 19. august 2003.

Bakgrunn

[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn etter (men gjeve ut før) Tonight's the Night og On the Beach deler noko av den nakne og uferdige kjensla, som sjokkerte både tilhengjarar og kritikarar, sidan dette var det første studioalbumet hans etter det særs populære og kritikarroste Harvest. Det inneheldt òg peikepinnar fram mot ei meir positiv framtid for Young, særleg opningssongen «Walk On».

Den originale meldinga i Rolling Stone skildra albumet som «eit av dei mest fortvila albuma dette tiåret». Seinare kritikarar, som William Ruhlmann i Allmusic, har peikt på at Young sa «farvel til fortvilinga, og var ikkje overvelda av fortviling». Det mørke Tonight's the Night var med vilje underprodusert og hadde særs pessimistiske tekstar, medan dette albumet er noko meir polert og ikkje like pessimistisk.

Som Tonight's the Night var ikkje On the Beach ein kommersiell suksess då det kom ut, men har med tida vorte høgt verdsette av både tilhengjarar og kritikarar. Albumet vart spelt inn med mange studiomusikarar med arrangementet som var strippa ned til beinet. Young gjekk òg for grove, monitormiksar i staden for eit meir polert lydbilete, noko som framandgjorde lydteknikarane hans.

Gjennom innspelinga av albumet åt Young og musikarane hans eit heimelaga brygg av marihuana og honning.[6] Dette kan vere årsaka til den milde stemninga på albumet, særleg den andre halvdelen av plata.[6] Young har sag at det var eit «bra album, særleg sida med 'Ambulance Blues', 'Motion Pictures' og 'On the Beach'. Det er eit bra forsøk.»

Tilgjenge

[endre | endre wikiteksten]

I om lag 20 år var det nesten ikkje mogeleg å få tak i On the Beach. Vinylutgåva gjekk ut av produksjon tidleg i 1980-åra og han var berre tilgjengeleg ei kort stund på kassett. On the Beach stod på lister over dei albuma ein helst hadde lyst å få utgjeve på CD. I lag med tre andre album av Young vart ikkje desse gjevne ut før i 2003. Årsaka til dette er ikkje sikkert, men ein trur det er Young sjølv som ikkje ville ha dei ut på CD på grunn av lydproblem og rettslege årsaker.

Mottaking

[endre | endre wikiteksten]

Albumet er plassert på 22. plass for album frå 1970-åra på Rate Your Music, det er òg på 77. plass på tilsvarande liste for all tid. Pitchfork Media plasserte albumet på 65. plass på lista si over dei 100 beste albuma frå 1970-åra. I 2007 vart On the Beach kåra til det 40. beste kanadiske albumet gjennom tidene i boka til Bob Mersereau over dei 100 beste kanadiske albuma.

Innhald

[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Walk On»2:42
2.«See the Sky About to Rain»5:02
3.«Revolution Blues»4:03
4.«For the Turnstiles»3:15
5.«Vampire Blues»4:14
Side to
Nr.TittelLengd
6.«On the Beach»6:59
7.«Motion Pictures»4:23
8.«Ambulance Blues»8:56

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Teknisk

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Neil Young Archives». Neilyoungarchives.com. Henta 17. februar 2019. 
  2. «On the Beach - Neil Young - Songs, Reviews, Credits - AllMusic». AllMusic. Henta 17. februar 2019. 
  3. «Neil Young». Pitchfork.com. 
  4. «Rolling Stone review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. februar 2009. Henta 17. februar 2019. 
  5. «Robert Christgau: CG: neil young». Robertchristgau.com. 
  6. 6,0 6,1 Shakey: Neil Young's Biography av Jimmy McDonough, s. 439

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]