Olav H. Hauge

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. august 1908
Ulvik herad
Død

23. mai 1994 (85 år)
Ulvik herad

Yrke lyrikar, dagbokskrivar, skribent, omsetjar, fruktdyrkar
Ektefelle Bodil Cappelen

Olav Håkonsson Hauge (18. august 190823. mai 1994), mest kjend som Olav H. Hauge, var ein norsk forfattar, ein av dei viktigaste lyrikarane innanfor den modernistiske tradisjonen på 1900-talet. Han vart fødd i Ulvik i Hardanger, der han budde heile livet. Han var gartnar av yrke og dreiv med fruktproduksjon.

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]
Teikning av Olav H. Hauge

Han er kjend for ein kortfatta diktstil der han skildrar kvardagslege ting og samtidig får fram ein djup livsvisdom. Dikta hans har vorte samanlikna både med den norrøne sagastilen og japanske haikudikt. Mange av dei beste dikta til Hauge er likevel sonettar, dikt der han sameiner ei streng form med eit grenseoverskridande innhald.

I lyrikken til Hauge er landskapet og naturen tydeleg til stades, både reint konkret og i symbolikken. Hauge var svært godt orientert i eldre og nyare europeisk og amerikansk lyrikk, gjennom omfattande lesing og sjølvstudium. Alfred Tennyson, William Butler Yeats, Robert Browning, Stephane Mallarmé, Arthur Rimbaud, Stephen Crane, Friedrich Hölderlin, Georg Trakl, Paul Celan, Bertolt Brecht og Robert Bly er alle vortne attdikta på norsk av Hauge.

Hauge debuterte i 1946 med samlinga Glør i oska, som inneheld dikt i tradisjonell form. Frå og med samlinga På Ørnetuva skjer det ei påtakeleg formell nyorientering mot eit modernistisk formspråk. Samlinga Dropar i austavind frå 1966 er vorten ståande som eit høgdepunkt i forfattarskapen. Her finn vi bl.a. ei lang rekkje «tingdikt», som det kjende Katten:

Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.

Vi ser her ein konkretisme som til då var ukjend i norsk lyrikk, og som inspirerte generasjonar av seinare lyrikarar, for eksempel Jan Erik Vold. Frå og med 1966 skreiv Hauge dikt utan enderim, fast rytme og strofeform – med unntak av sonettane, som han alltid vende attende til, og som han har vore ein fornyar av i norsk lyrikk.

Naturbileta kan hjå Hauge anten fungere som symbol eller metaforar for menneskelege grunnerfaringar, men i den seinare delen av forfattarskapen kan biletet stå heilt ukommentert, slik at lesaren må skape meining sjølv.

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Verk

[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlingar

[endre | endre wikiteksten]

Atterdikting og omsetjing

[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]

Prosastykke

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]