Olav Bergersen

Fødd2. juli 1880
Strinda kommune
Død17. desember 1973 (93 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, offiser, assurandør, faglitterær forfattar, militærhistoriker
Utdanna vedSjøkrigsskulen
FarBernhard Konrad Bergersen
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1931–1933)
  • vararepresentant til Stortinget (1928–1930)
  • vararepresentant til Stortinget (1934–1936) Sjå dette på Wikidata

Olav Bergersen (2. juli 188017. desember 1973) var ein norsk sjøoffiser, assurandør og politikar frå Strinda i Sør-Trøndelag. Han var 1931-33 stortingsrepresentant frå byane i Trøndelag og for partiet Høgre.

Bergersen var son til ein overrettsassessor i Trondheim. Sjølv tok han eksamen ved Sjøkrigsskulen i Horten i 1901, og avanserte til kaptein i 1912, kommandørkaptein i 1934 og kommandør i 1945. Frå 1910 til -15 var han kanonkontrollør i den norske marinen, busett i Horten. Deretter var han sjef ved skadeavdelinga i Trondhjems Forsikringsselskab A/S frå 1919 til -43. Han avla dispasjøreksamen i 1921.

Under nøytralitetsvakta 1939-40 var Bergersen sjef for Trøndelag sjøforsvarsavsnitt. Våren 1942 sat han tre månader gissel i Falstad fangeleir, hausten same året i nye to månader. I februar 1943 flykta Bergersen og kona til Sverige, før han det siste krigsåret gjorde teneste ved admiralstaben i London. Deretter var han sjef for Marinekommando Trøndelag frå 1. mai til 1. august 1945.

Bergersen hadde ei rad offentlege og organisatoriske verv, mellom anna i Norsk Sjøfartsmuseum, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og vitskapsselskapet i Trondheim. Han var formann 1923-26 i Trondhjems Sjømannsforening og i hovudstyret for Trøndelagsutstillingen 1930. Bergersen var også ordførar i representantskapet i Den Nordenfjeldske Kreditbank frå 1931 og styreformann i fleire reiarlag og industribedrifter.

I lokalpolitikken var Bergersen medlem av Horten formannskap 1910–15, og medlem av Trondheim bystyre 1925–37. Perioden 1926-31 var han med i sentralstyret til Høgre. I januar 1928 møtte han nokre veker som varamann til Stortinget, til dess Lykke-regjeringa vart felt 28. januar. Valbolken 1931-33 representerte han kjøpstadene Trondheim og Levanger på Stortinget, der han var medlem i Universitets- og fagskulekomitéen.

Bergersen skreiv fleire militærvitskaplege avhandlingar, mellom anna ein omfangsrik biografi om Peter Wessel, Viceadmiral Tordenskiold, utgjeven i 1925. Han vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull og var kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]