Ola Vigen Hattestad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. april 1982 (41 år) Askim kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i |
Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Langrenn under Vinter-OL 2014 – Sprint menn, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015 |
Utmerkingar |
Østfoldprisen |
Ola Vigen Hattestad (fødd 19. april 1982) er ein norsk langrennsløpar frå Ørje som vann VM-gull i både sprint og lag sprint under Ski-VM 2009 i Liberec, og vart olympisk meister i sprint i Vinter-OL 2014 i Sotsji. I tillegg har han VM-sølv i lagsprint frå 2011 og VM-bronse frå sprint-øvinga 2015. Hattestad er norsk meister i langrennsprint tre gongar. Han representerer Ørje Idrettslag
Hattestad var ein av dei fremste sprintlangrennarane i Noreg og i verda frå 2005-sesongen. Han vann sin fyrste verdscupsiger 15. desember 2007 i kinesiske Changchun. Både i 2008 og 2009 sikra han seg pokalen som den beste sprint-langrennaren i verdscupen. Per 1. februar 2015 hadde han vunne 13 individuelle sprintrenn i verdscupen.
Ski-VM