Nugatti er eit sjokoladepålegg laga av nougat og sjokolade. Det inneheld hovudsakleg kakao, mjølk, hasselnøtter,[1] sukker og solsikkeolje.[2]
Nugatti er produsert av Stabburet, ein del av Orkla Foods.[3] Pålegget blei lansert i 1969 av Sunda AS,[2] og er dermed noko yngre enn storebroren Sjokade. Det blir selt rundt 7 millionar boksar av Nugatti i Noreg kvart år.[2]
Pålegget har alltid vore å få på plastbeger, men blir nå også seld i tuber. I tillegg til Nugatti Original er det òg introdusert variantar som Air, Max, Søtt Salt og Sprøtt, Nugatti Uten og Salt Karamell.[2]
Fram til 2012 inneheldt produktet palmeolje, men dette året blei olja erstatta med solsikkeolje som eit meir miljøvennleg alternativ. Kakaoen ein bruker i Nugatti er UTZ-sertifisert, det vil seia at produksjonen følgjer visse standardar for menneske og miljø.[2]