Novodevitsjijgravstaden | |||
![]() | |||
Opna | 1898 | ||
---|---|---|---|
![]() Novodevitsjijgravstaden 55°43′29″N 37°33′15″E / 55.724722222222°N 37.554166666667°E |
Novodevitsjijgravstaden (russisk Новоде́вичье кла́дбище, Novodevitsje kladbisjtsje) er ein gravstad i Moskva i Russland. Gravstaden ligg ved sidan av verdsarvstaden nonneklosteret Novodevitsjij frå 1500-talet. Han er den tredje mest besøkte turistattraksjonen i byen.
Kyrkjegarden vart innvigd i 1898, då det var mangel på gravplassar i klosteret. Ein av dei første kjende som vart gravlagd på Novodevitsjij-kyrkjegarden var Anton Tsjekhov.
I dag har kyrkjegarden graver til russiske forfattarar, musikarar og poetar, så vel som kjende skodespelarar, politikarar og vitskapsmenn. Meir enn 27 000 er gravlagde i Novodevitsjijgravstaden.
Gravlunden minner om ein park, med små kapell og store skulpturerte monument. Han er delt inn i ein austleg og vestleg seksjon.
Kart over gravstaden er tilgjengeleg i kontoret på kyrkjegarden.
Det finst verk av mellom andre desse bilethoggarane på Novodevitsjijgravstaden: Sergej Konenkov, Vera Mukhina, Ernst Neizvestnij, Ivan Sjadr og Jevgenij Vutsjetitsj.