Kjøbenhavnutgåva, Nordlands Trompet
Bergensutgåva, Nordlands Beskrivelse

Nordlands Trompet, også utgjeve som Nordlands Beskrivelse, er eit diktverk skrive i tida 1675-1695 av presten Petter Dass, sokneprestAlstahaug i Nordland. Diktet vart trykt første gong i 1739 i Kjøbenhavn - under namnet Nordlands Trompet og same året i Bergen under namnet Nordlands Beskrivelse og undertittelen Som er Helgelands/Saltens/Lofodens/Vesteraalens/Seniens og Tromsens Fogderier/med dets Beliigende/oc hvorudi enhvers Næring og Brug bestaar, saa og Hvad slags Fugle i Luften og svemmende Dyr i Havet sig der opholder. Samt om dets Horizont/Elementer og Veyrlig/ item Om Finderne og Lapperne.

Diktverket finst første gong omtalt i brev frå 1678. Petter Dass skreiv tin informantar nordanfor Helgeland for å samle stoff til diktverket. Rundt 1700 forsøkte han å få diktverket trykt, utan å lykkast, kanskje fordi det ikkje slapp igjennom sensuren. 31 år ettar at diktaren døydde, vart diktverket til Trycken approberit, og ett år seinare kunne det trykkast.

Nordlands Trompet er eit topografisk dikt, ei skildring på rim av folk og natur. Boka er inndelt slik:

Diktet blei modernisert og gjendikta i 1962 av Hans Kristiansen, illustrert med tresnitt av Hans Gerhard Sørensen.[1] Boka vart prisbelønna som eit utsøkt stykke bokkunst på bokmessa i Frankfurt.[2]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
Fotnotar
  1. Nordlands Trompet. I gjendiktning ved Hans Kristiansen. Fabritius forlag. 1962. 
  2. Rolfsen (1988)