Nils J. Melhus
Fødd11. mars 1839
Melhus kommune
Død28. februar 1912 (72 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Nils Jensson Melhus (11. mars 183928. februar 1912) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Melhus i Sør-Trøndelag.

Melhus var gardbrukar på farsgarden Melhus i Melhus sokn. Han var i om lag 20 år ordførar i heradet og forlikskommissær i om kring 25 år. I tillegg hadde han fleire offentlege verv på amtsnivå, mellom anna var han medlem av tilsynskomiteen for Trondheim-Tynsetbanen.

Han var 2. representant på Stortinget frå Søndre Trondhjems amt i 1883-85 og 1. representant for perioden 1889-91. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, i den andre av næringskomite nr 2 og valkomiteen.

Melhus døydde 1912 på sjukehuset i Trondheim.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]