The Right Time Singel av Nappy Brown | ||
B-side |
«Oh, You Don't Know» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1957 | |
Innspelt | New York 1. oktober 1957 | |
Sjanger | Rhythm and blues | |
Lengd | 3:02 | |
Selskap | Savoy (1525) | |
Komponist | Herman Lubinsky | |
Tekstforfattar | Ozzie Cadena | |
Nappy Brown-kronologi | ||
«Bye Bye Baby»/ «Goody-Goody-Gum Drop» (1957) |
The Right Time | «If You Need Some Lovin'»/ «I'm In The Mood» (1958)
|
«Night Time Is the Right Time» eller «The Right Time» er ein rhythm and blues-song spelt inn av Nappy Brown i 1957. Han er basert på tidlegare bluessongar og sjølv danna grunnlaget for mange andre versjonar, mellom anna hittar av Ray Charles, Rufus and Carla og James Brown.
Bluespianist Roosevelt Sykes (omtalt som «The Honey Dripper») spelte inn «Night Time Is the Right Time» i 1937 (Decca 7324). Kalla «ein av hittane hans i dei dagane»,[1] er ein 12-taktsblues i moderat tempo med Sykes på vokal og piano. Ein meiner at han var basert på «den gamle vaudeville-tradisjonen»:[2]
I 1938 spelte Big Bill Broonzy inn songen med ein noko annleis (og tydelegare) tekst (Vokalion 4149). Same året spelte Roosevelt Sykes inn ein ny versjon kalla «Night Time Is the Right Time #2» (Decca 7438), òg denne med noko anna tekst. Desse tidlege versjonane av «Night Time Is the Right Time» er tilskrivne Roosevelt Sykes og Leroy Carr. Sjølv om Carr døydde i 1935 utan kjende innspelingar av songen, har «Night Time Is The Right Time» mange likskapar til Carr sin «When The Sun Goes Down». Sistnemnde var særs populær då han kom ut og har vorte spelt inn av Ink Spots og danna grunnlaget for «Love In Vain» av Robert Johnson.[3]
I 1957 spelte Nappy Brown inn songen som «The Right Time» (Savoy 1525). Songen har vorte kalla «eit høgdepunkt i den tidlege karrieren til Brown»,[4] og versjonen hans er den første med ekstra tekst der korvokale syng svarlinjer. Med seg på innspelinga hadde han Buster Cooper (trombone), Hilton Jefferson (altsaksofon), Budd Johnson (tenorsaksofon), Kelly Owens (piano), Skeeter Best (gitar), Leonard Gaskin (bass) og Bobby Donaldson (trommer). Songen til Brown opnar med:
Versjonen til Brown nådde ikkje dei nasjonale platelistene,[5] men vart «lånt av Ray Charles kort tid etter».[4] I løpet av karrieren sin spelte Brown inn fleire versjonar av songen (stundom med forskjellig tittel). På den originale utgåva står låtskrivaren oppført som «N. Brown».
Ray Charles spelte inn sin versjon, kalla «(Night Time Is) The Right Time», i oktober 1958. I følgje Brown var «skilnaden mellom min og Ray Charles sin ‘Night Time Is the Right Time' er at han hadde skrudd opp tempoet med Mary Ann og dei [Charles sine kvinnelege koristar, the Raelettes] bak seg. Eg spelte min versjon langsamt med ei gospelgruppe bak meg. Dette var mi gospelgruppe. Men han spelte songen akkurat som meg, note for note».[6] Songen vart ein hit i 1959, då han nådde femteplassen på Billboard R&B-lista og 95. plass på poplista.[7] Songen finst på albuma Ray Charles at Newport og The Genius Sings the Blues.
The Night Time Is the Right Time (To Be With the One That You Love) Singel av James Brown frå albumet Bring It On! | ||
A-side |
«Bring It On...Bring It On» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1983 | |
Sjanger | Rhythm and blues | |
Lengd | 4:14 | |
Selskap | Churchill/Augusta (94023) | |
Komponist | Herman Lubinsky | |
Tekstforfattar | Ozzie Cadena | |
Produsent | James Brown | |
James Brown-kronologi | ||
«Stay With Me» (1981) |
The Night Time Is the Right Time (To Be With the One That You Love) | «Unity Part 1 (The Third Coming)» (1984)
|
James Brown spelte inn songen for det vesle selskapet Churchill/Augusta. Han vart gjeven ut i 1983 som B-sida på singelen «Bring It On...Bring It On». Brown-versjonen (med undertittelen «To be With the One That You Love») nådde 73. plass på Billboard R&B-lista.[8] Robert Christgau skreiv positivt om versjonen til Brown, særleg den ukjende kvinnelege koristen.[9]
Mange andre artistar har spelt inn «Night Time Is the Right Time», som Alex Korner's Blues Incorporated frå albumet R&B from the Marquee (1962); Rufus and Carla (94. plass på poplista i 1964); The Animals frå The Animals (1964); The Sonics på albumet Here Are The Sonics (1965); Lulu frå Something to Shout About (1965); Aretha Franklin på albumet Aretha Now (1968); Creedence Clearwater Revival på albumet Green River (1969) og konsertalbumet The Concert (1980); Tina Turner frå Rough (1978) og John Scofield frå That's What I Say: John Scofield Plays the Music of Ray Charles (2005).