NYU Gallatin School of Individualized Study
NYU Bobst Library

New York University (NYU) er eit privat, ikkje-religiøst forskingsbasert universitet i New York i USA. Den største campusen ligg i Greenwich Village i Manhattan. Universitetet vart grunnlagt i 1831 av Albert Gallatin og ei gruppe prominente newyorkarar og er i dag det største private ikkje-kommersielle universitetet i USA. Det har også ei avdeling på Bedford Square i London, i bygningen som før var bustaden til Lord Chancellor i Storbritannia, 6 Bedford Square.

Dei 16 skulane og collega femner:

Det var 40 870 studentar og 4 380 vitskapeleg tilsette ved NYU i 2006, og det same året var skulepengane US$ 33 420. Undervisninga vert gjeven opp til doktorgradsnivå.

NYU Library System, inkludert Bobst Library, hadde i 2006 4 939 724 titlar og var dermed det 34.største biblioteket i USA.[1]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. American Library Association Fact Sheet 22, World Almanac 2008 side 404.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]