Naturminne er freda område eller einskilde naturobjekt. Dette kan til dømes vera einskilde tre, vassdrag, fossar eller geologiske, botaniske eller zoologiske førekomstar som ein reknar som verneverdige.[1] Dette kan til dømes vera fordi dei har stor tyding for biologisk mangfald.[2]
Per 2006 var det oppretta 280 naturminne i Noreg. Det første botaniske naturminnet i Noreg blei freda i 1914. Det var eiketreet «Den gamle Mester» i Krødsherad i Buskerud.[1] Eit døme på eit geologisk naturminne er Bjerkøya naturminne i Asker kommune. Kvitskriuprestan i Sel kommune er eit døme på eit geologisk naturminne i Noreg.