Natalja Sjikolenko | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 1. august 1964 (60 år) Andizjan |
Yrke | spydkastar, friidrettsutøvar |
Høgd | 182 centimeter |
Natalja Ivanovna Sjikolenko (fødd 1. august 1964) er ein tidlegare spydkastar, fødd i Andijon i Usbekistan, som representerte Sovjetunionen og seinare Kviterussland. Ho vart verdsmeister i 1995, etter å ha vunne OL-sølv i 1992 og VM-bronse i 1993.
Sjikolenko utmerkte seg fyrste gongen då ho vann spydtevlinga ved Goodwill-leikane 1990 i Seattle med eit kast på 61,62 m. To år seinare kasta ho 68,34 m og tok sølvmedaljen i spyd under sommarleikane i Barcelona, slått i siste omgangen med fattige åtte centimeter av vinnaren, tyske Silke Renk. I 1993 fekk Sjikolenko bronsemedaljen då VM 1993 fann stad i Stuttgart, med 65,64 m hamna ho 16 cm bak sølvvinnar Karen Forkel og ein knapp halvmeter framom systera Tatjana Sjikolenko på fjerdeplass, norske Trine Hattestad vann tevlinga.
Under verdsmeisterskapen i Göteborg den 8. august 1995 tok Natalja Sjikolenko leiinga i fyrste omgangen med eit kast på 66,48 m og viste seg gjennom tevlinga som den klart beste. Ho stod for dei tre lengste kasta og avslutta med vinnarkastet på 67,56 m.
Sjikolenko vart sovjetmeister i spydkast 1990-92 og kviterussisk meister 1993.