My Love Singel av Petula Clark frå albumet My Love | ||
B-side |
«Where Am I Going?» | |
---|---|---|
Utgjeve | Desember 1965 | |
Innspelt | 1965 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:43 | |
Selskap | Pye 7N 17038 (Storbritannia) Warner Bros. 5684 (USA) Vogue STU 42234 (DEN) | |
Låtskrivar(ar) | Tony Hatch | |
Produsent | Tony Hatch | |
Petula Clark-kronologi | ||
«Round Every Corner» (USA 1965) «You're the One» (UK 1965) |
My Love | «A Sign of the Times» (1966)
|
«My Love» er ein song frå 1965 av Petula Clark som tidleg i 1966 vart ein internasjonal hit. Han nådde toppen av hitlista i USA. Songen var skriven og innspelinga produsert av Tony Hatch.
Tony Hatch skreiv ferdig songen i november 1965 på ein flytur frå London til Los Angeles. «My Love» vart spelt inn i Western Studios[1] med The Wrecking Crew som akkompagnement.[2] Petula Clark fortalte: «Me spelte inn tre songar den dagen...Eg likte dei to andre godt, men eg likte verkeleg ikkje 'My Love'...Eg syns han var for ordinær. Eg hadde blitt så vant til desse vedunderlege songane til Tony med desse forskjellige stemningane og eg syntest 'My Love' vart litt flat.»[3] Clark hadde så prøvd å få Warner Bros. til å la vere å gje ut denne songen, men dei bad ho stole på dei.[3]
«My Love» vart vald ut som singel og Clark gjekk igjen til topps på den amerikanske singellista, for første gongen sidan gjennombrotet hennar med «Downtown». «My Love» låg 13 veker på Billboard Hot 100 og nådde toppen den 5. februar 1966,[4] der han låg i to veker.[5] Dette gjorde Clark til den første kvinnelege, britiske artisten som hadde to førsteplassar i USA.[6] Songen gjekk òg til topps i Canada på «RPM Play Sheet»-lista,[7] «My Love» gjekk høgt på den britiske Record Retailer-lista for første gongen sidan «Downtown» gjorde det same to år tidlegare og nåddde fjerdeplassen i mars 1966.[8] I Storbritannia selde singelen til sølvlate for 200 000 selde eksemplar.
Liste (1966) | Plassering |
---|---|
Australia[9] | 4 |
Canada (RPM Play Sheet)[7] | 1 |
Danmark[10] | ≥9 |
Flandern[11] | 14 |
Tyskland[11] | 13 |
Irland (IRMA)[12] | 6 |
Malaysia[13] | 4 |
Nederland (Parool Top 20)[14] | 11 |
Nederland (Veronica Top 40)[15] | 13 |
New Zealand Listener[16] | 6 |
Singapore[17] | 1 |
Sør-Afrika[17] | 6 |
Sveits[18] | ≥8 |
UK New Musical Express[19] | 4 |
UK Record Retailer[8] | 4 |
US Billboard Hot 100[4] | 1 |
US Billboard Easy Listening[20][21] | 4 |
US Record World 100 Top Pops[22] | 1 |
Vallonia[23] | 35 |