Mount Inderbitzen | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Sentinel Range | ||
Topp | Ellsworth Land | ||
• høgd | 2 600 moh. | ||
- koordinatar | 78°49′S 84°47′W / 78.817°S 84.783°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Inderbitzen 78°49′00″S 84°47′00″W / 78.816666666667°S 84.783333333333°W | |||
Mount Inderbitzen er eit fjell med ei høgd opp mot over 2600 moh, 12 nautiske mil sør-søraust for Mount Craddock og 1,5 nautiske mil sør for Mount Milton i den sørlege delen av Sentinel Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Det ligg oppom Wessbecherbreen i søraust og Sirmabreen i nordvest.
Fjellet vart først kartlagd av U.S. Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi i U.S. Navy frå 1957–59. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names i 1994 etter Anton L. Inderbitzen, som var førstesjefsforskar i Division of Polar Programs i National Science Foundation (NSF) mellom 1983–86 og som leia det antarktiske mannskapet i NSF mellom 1986–91. Frå 1991 var han deputerande underdirektør for forsking ved USGS.[1]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Inderbitzen, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).