Monogram er ei dekorativ samanstilling av bokstavar, gjerne førebokstavar, frå eit namn. Dei kan brukast som eigarmerke, signatur, dekorasjon og liknande. Konge- og dronningmonogram er krona og inneheld som regel føerbokstav og ordenstalet til fyrsten. Nokre gonger kan det utformast som spegelmonogram, det vil seia med teikna samanslynga i normal og omvend stilling til eit symmetrisk ornament.
«monogram» (16. desember 2011) i Store norske leksikon, snl.no.