Miss Sarajevo Singel av Passengers med Luciano Pavarotti frå albumet Original Soundtracks 1 | ||
B-side |
«Bottoms (Watashitachi no Ookina Yume)» | |
---|---|---|
Utgjeve | november 1995 | |
Innspelt | 1995 | |
Sjanger | Rock, opera | |
Lengd | 5:19 (album) 4:32 (radio edit) | |
Selskap | Island | |
Komponist | Bono, Larry Mullen Jr., The Edge, Brian Eno, Adam Clayton | |
Produsent | Brian Eno | |
U2-kronologi | ||
«Hold Me, Thrill Me, Kiss Me, Kill Me» (1995) |
Miss Sarajevo | «Discothèque» (1997)
|
«Miss Sarajevo» er den einaste singelen frå album Original Soundtracks 1 frå 1995 av U2 og Brian Eno, under psevdonymet Passengers. Luciano Pavarotti syng ein operasolo på songen. Songen finst òg på samleplata The Best of 1990-2000 og vart spelt av George Michael på albumet hans Songs from the Last Century. Songen nådde ikkje lista i USA, men 6. plass i Storbritannia og Topp 10 i mange europeiske land, mellom anna Noreg der han nådde 10. plass. Bono har omtalt «Miss Sarajevo» som sin favoritt U2-song.[1]
Den amerikanske journalisten Bill Carter foreslo for Bono ein ideo om å filme ein dokumentar om motstandsrørsla i Sarajevo. Bono produserte ikkje berre filmen, men finansierte òg prosjektet. Dokumentaren omhandla ein venleikskonkurranse som vart halden i det krigsøydelagde Sarajevo i Bosnia. Vinnaren vart den 17 år gamle Inela Nogić]].