Mingrelsk მარგალური ნინა margaluri nina | ||
Klassifisering | Kartvelsk | |
Talarar | Mingrelar | |
Bruk | ||
Tala i | Georgia | |
Mingrelsktalande i alt | 290 000[1] | |
Skriftsystem | Georgisk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | xmf | |
Wikipedia på mingrelsk |
Mingrelsk er eit kartvelsk språk som vert tala i låglandet vest i Georgia[1] av mingrelar. Det er nærskyldt med lazisk, og dei to språka vert stundom viste til som eitt språk, zan, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje er innbyrdes forståelege.[1] Mingrelsk er òg i nær slekt med georgisk.[2] Mingrelsk vert rekna som eit truga språk av UNESCO.[3]
Mingrelsk er hovudsakleg eit munnleg språk utan ein lang skrifttradisjon. Det har ikkje eit offisielt skriftssystem, men vert skrive med det georgiske alfabetet.[1][2] Tradisjonelt har alle kartvelarar i Georgia brukt georgisk som skriftspråk. Dei eldste mingrelske tekstane blei nedskrivne på 1800-talet, og inneheld gjerne soger, folklore og diverse etnografisk litteratur.[4] På 1930-talet kom det ut fleire aviser på mingrelsk. I nyare tid har det vore gjeve ut ein del ordbøker og mingrelsk litteratur, som poesi.
Frå eit mingrelsk folkedikt:[5]
iro mulas itsj'aruki, | 'du skriv alltid at du skal koma' |
iro mulas itsjina. | 'du sender alltid melding om at du skal koma' |
komits'ii, golvapiro, | 'ver så snill, sei meg' |
muzjamisja gighina | 'kor lenge må eg venta på deg?' |