Mikkel Dobloug | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. juli 1944 (79 år) |
Yrke | kombinertløpar |
Høgd | 185 centimeter |
Mikkel Dobloug (fødd 7. juli 1944) er ein tidlegare kombinertrennar frå Vang på Hedmark. Han vart noregsmeister i øvinga i 1966, og sigra i kombinert i Svenska skidspelen både i 1966 og -67. Dobloug representerte Vang Skiløperforening. Han fekk Kongepokalen i skiidrett i 1966.[1]
Dobloug overraska stort i Lahti-spelen i 1964, der han vart nummer to etter landsmannen Arne Larsen. Bak seg på resultatlista hadde han mellom andre både Tormod Knutsen og Georg Thoma, ferske gull- og sølvvinnarar frå vinter-OL 1964 i Innsbruck. Sesongen etter vart det nye andreplassar på Dobloug, fyrst i noregsmeisterskapen der Larsen vart for sterk, og sidan i Holmenkollen der Dobloug slo Larsen med vel eitt poeng, og Georg Thoma vann rennet.
Dobloug vann kombinert i NM på ski i 1966. Same året vann han kombinertøvinga under Svenska skidspelen, ei bragd han gjentok året etterpå. Elles i 1967-sesongen vart han nummer to i noregsmeisterskapen, nummer tre i Lahti og nummer fire i Holmenkollen.
Han deltok i verdmeisterskapen i Oslo i 1966 og vart beste nordmann i kombinert med ein sjuandeplass. To år seinare var han på plass i Grenoble. Atter vart han beste nordmann i kombinertøvinga, men hamna på 21. plass i den olympiske tevlinga. Alle dei norske kombinertrennarane bomma fullstendig på smurninga i langrennet.
Dobloug slutta tevla i skiløypa og hoppbakken i 1970.