Melodi Grand Prix 2015 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Finale | 14. mars 2015 | |||
Vertskap | ||||
Finale | Oslo Spektrum | |||
Programleiarar | Silya Nymoen og Kåre Magnus Bergh | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 11 | |||
Vinnar | ||||
Song | «A Monster Like Me» | |||
Artist | Mørland og Debrah Scarlett | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 2015 | ||||
Semifinalepoeng | 123 | |||
Semifinaleplass | 4. | |||
Finalepoeng | 102 | |||
Finaleplass | 8. | |||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Melodi Grand Prix 2015 var den 53. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Elleve songar deltok i finalen 14. mars 2015 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei «A Monster Like Me», framført av Mørland og Debrah Scarlett. Mørland har skrive vinnarlåten. Duoen representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2015 i Wien, der dei kvalifiserte seg via andre semifinale. I finalen enda «A Monster Like Me» på 8. plass med 102 poeng. Dette var Noregs tredje topp ti-plassering på rad.
Finalen året før var den minst sette nokon gong, og NRK fekk kritikk for å ha fjerna all glitter og stas frå tevlinga.[1][2] Difor gjorde tv-kanalen om på konseptet dette året, ved å fjerne delfinalane og i staden konsentrere seg om ein stor finale i Oslo Spektrum laurdag 14. mars. Dette var første gong sidan 2005 at Melodi Grand Prix gjekk av stabelen utan delfinalar på førehand. Programleiarar var Silya Nymoen og Kåre Magnus Bergh.
Over 800 bidrag kom inn til den opne konkurransen, og ein jury plukka ut elleve av dei til finalen i Oslo Spektrum. Juryen bestod av Vivi Stenberg, musikkansvarlig for Melodi Grand Prix, Marie Komissar, programleiar og musikkprodusent i NRK P3, Tarjei Strøm, musikar og programleiar i NRK P13 og Kathrine Synnes Finnskog, direktør i Music Norway.[3]
For første gong sidan 1984 var også Kringkastingsorkestret attende i Melodi Grand Prix, under leiing av dirigent Anders Eljas. Dette var første gong sidan 1999 at bidraga blei akkompagnerte av eit orkester, for i åra 1985–99 brukte NRK små orkester og band til å akkompagnere songane. Målet med orkesteret sin tilbakekomst var å få attende den «gode, gamle Grand Prix-kjensla», sa kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til VG.[4] Seks av dei elleve låtane brukte Kringkastingsorkesteret.[5]
Blant artistane var det fleire kjende andlet, blant anna Elisabeth Andreassen som deltok for sjette gong i ein norsk finale, og Tor Endresen som deltok for tolvte gong. Han nærmar seg med det Jahn Teigens rekord på 14 norske deltakingar. I tillegg deltok Karin Park som artist. Ho var ein av låtskrivarane bak vinnarlåten frå 2013, «I Feed You My Love». Erlend Bratland var attende i rampelyset etter å ha vunne talenttevlinga Norske talenter på TV 2 i 2008, og Jenny Langlo hadde vunne Idol på same kanal i 2011. I tillegg deltok duoen Staysman & Lazz, kjend for ei rekkje festlåtar.
Elisabeth Andreassen deltok òg i pausenummeret før røystinga. Saman med Hanne Krogh framførte ho Bobbysocks sin vinnarlåt frå 1985, «La det swinge».
Nr. | Tittel | Artist | Komponist | Tekstforfattar | Status |
---|---|---|---|---|---|
1 | «Thunderstuck» | Erlend Bratland | Joy Deb og Linnea Deb | Erlend Bratland og Linnea Deb | Gullfinale |
2 | «Louder» | Raylee | Andreas Stone Johansson og Ricky Hanley | Uplassert | |
3 | «All Over the World» | Tor Endresen og Elisabeth Andreassen | Are Selheim og Tor Endresen | Gullfinale | |
4 | «Next to You» | Jenny Langlo | Jenny Langlo, Robin Mortensen Lynch og Niklas Olovson | Uplassert | |
5 | «We Don't Worry» | Ira Konstantinidis | Øyvind Blikstad og Bjarte Giske | Ali Pirzad og Julie Bergan | Uplassert |
6 | «Heaven» | Contrazt | Jan Lysdahl og Jacob Collin Launbjerg | Uplassert | |
7 | «Ta meg tilbake» | Marie Klåpbakken | Marie Klåpbakken, Linn Hege Sagen og Olav Tronsmoen | Uplassert | |
8 | «En godt stekt pizza» | Staysman & Lazz | Stian Thorbjørnsen, Petter Kristiansen, Lars Erik Blokkhus, Jesper Borgen og Magnus Clausen | Gullfinale | |
9 | «A Monster Like Me» | Mørland og Debrah Scarlett | Kjetil Mørland | Gullfinale | |
10 | «Cinderella» | Alexandra Joner | Erik Smaaland, Kristoffer Tømmerbakke (GoToGuy) og Thea Oskarsen | Uplassert | |
11 | «Human Beings» | Karin Park | Karin Park og Guy Chambers | Uplassert |
Nr. | Tittel | Artist | Komponist | Tekstforfattar | Røyster | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|
1 | «Thunderstuck» | Erlend Bratland | Joy Deb og Linnea Deb | Erlend Bratland og Linnea Deb | 85 373 | 2 |
3 | «All Over the World» | Tor Endresen og Elisabeth Andreassen | Are Selheim og Tor Endresen | 43 686 | 4 | |
8 | «En godt stekt pizza» | Staysman & Lazz | Stian Thorbjørnsen, Petter Kristiansen, Lars Erik Blokkhus, Jesper Borgen og Magnus Clausen | 69 199 | 3 | |
9 | «A Monster Like Me» | Mørland og Debrah Scarlett | Kjetil Mørland | 88 869 | 1 |
Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av sjåarane sine SMS-røyster. Dei var delte i fem geografiske regioner ut frå kvar i landet dei var sende frå. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dimed alle mottatte telefon- og SMS-røyster. Røystene blei leste opp av sjåarar som heldt Grand Prix-festar rundt om i landet.
Røystinga blei den mest spennande på mange år, og «Thunderstruck» leia stort sett heile vegen. «A Monster Like Me» var berre favoritt i ein landsdel, men fekk 10 000 fleire røyster enn «Thunderstruck» frå Austlandet og vann til slutt med ein margin på rundt 3 500 røyster.[6]
Nr. | Tittel | Nord-Noreg | Midt-Noreg | Sør-Noreg | Vest-Noreg | Aust-Noreg | Totalt |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | «Thunderstuck» | 8 504 | 7 161 | 10 816 | 21 558 | 37 334 | 85 373 |
3 | «All Over the World» | 5 222 | 4 670 | 5 574 | 8 386 | 19 834 | 43 686 |
8 | «En godt stekt pizza» | 5 392 | 3 595 | 7 010 | 4 134 | 49 068 | 69 199 |
9 | «A Monster Like Me» | 7 778 | 7 013 | 17 340 | 9 435 | 47 303 | 88 869 |
Størst merksemd før finalen skapte duoen Staysman & Lazz, som frå før var kjend for sine mange partylåtar. Før finalen blei «En godt stekt pizza» spelt over ein million gonger på musikkstrøymetenesta Spotify.[7] Vokalist Stian Thorbjørnsen tatoverte også Melodi Grand Prix-logoen på magen. «MGP er kanskje det største jeg har vært med på bortsett fra da barna mine ble født, så da må jeg jo gjøre det ordentlig.» sa Thorbjørnsen til NRK.[8] «En godt stekt pizza» blei liggande sju veker på VG-lista med ein 13. plass som beste plassering, medan vinnarlåten «A Monster Like Me» låg tre veker på lista med ein 23. plass som beste notering.[9][10]
Etter finalen fekk Debrah Scarlett kritikk for at ho spontant ropte «Fy faen!» på direkten under sigersintervjuet. Ole Ivars-frontfigur William Kristoffersen kalla kommentaren lågmål, og banninga blei også klaga inn til Kringkastingsrådet. Scarlett sjølv orsaka banninga og forklarte at ho var i ein uvand situasjon og i sigersrus.[11][12]
NRK gjorde suksess med finalen, og sendinga blei sett av 1 250 000. Det var ein auke på nesten 500 000 frå året før, og det høgaste sjåartalet for ein norsk finale sidan 2011.[13]
Adam Schjølberg og Tore Petterson frå NRK1-serien Sofa tok òg del i programmet, der dei mellom anna gjorde intervju og diskuterte bidraga.
I tillegg blei korte klipp av tidlegare bidrag i Eurovision Song Contest vist under sendinga, delt inn i ulike kategoriar:[6]