Maurtanagarar | |
Sotmaurtanagar, Habia gutturalis. Illustrasjon av Joseph Smit, 1886 | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | Kardinalar Cardinalidae |
Slekt: | Maurtanagarar Habia Blyth, 1840 |
Maurtanagarar er fuglar i slekta Habia. Dette er fuglar med lange halar og kraftige nebb. Hannane har ein raud kam og fjørdrakt som inneheld raudt, brunt eller sota fargetonar. Hoene kan likne hannar eller i hovudsak vere gulaktig eller brun i farga. Tidlegare var maurtanagarar plassert i tanagarfamilien, Thraupidae. Dei er faktisk nærare Cardinalis i kardinalfamilien, Cardinalidae, derfor er ikkje maurtanagarar verklege tanagarar slik som fellesnamnet ymtar om.
Alle maurtanagarar beitar på insekt, som kan vere større enn nebba. Frukt gjer ut for ein mindre del av kosthaldet deira. Raudstrupemaurtanagar, sotmaurtanagar og svartkinnmaurtanagar, som saman utgjer eit takson, lever i skog i gjenvekst og i oppstykka skogsområde. Dei sit på greiner to til tre meter over bakken og tar bytet frå lauvverk eller i flukt. Dei er òg maurfølgjarar som følgjer svermar av vandremaurar for å fange insekt som er på flukt frå maurane.
Raudkronemaurtanagar og kardinalmaurtanagar føretrekker tettare undervegetasjon og sit op høgare greiner, fire til fem meter, ofte arbeider dei seg oppover gjennom bladverket. Dei er mindre tilbøyelege til å følgje maurkolonnar.
Hofuglen byggjer eit koppforma reir og rugar to eller tre egg. Ungane forlèt reiret før dei kan flyge og gøymer seg i tett vegetasjon.
Maurtanagarar har stygge tonar i ropa, men songen er musikalske plystretonar.
Maurtanagarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]