Matias Halvorsen Ve
Fødd1. mars 1791
Sande i Vestfold
Død22. oktober 1864 (73 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Matias Halvorsen Ve (1. mars 179122. oktober 1864) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sande i Vestfold.

Ve var i yngre år, 1812-19, underoffiser i artilleriet. Sidan var han gardbrukar på farsgarden i Sande. Han var i mange år forlikskommissær og medlem av heradsstyret. Til Stortinget 1845 møtte han som 2. representant frå Jarlsberg og Larvik amt, medlem av næringskomiteen.

Han døydde på garden sin i Sande i 1864.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]