Martine Lunde | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. februar 1996 (28 år) Oslo |
Yrke | influensar, youtubar, realitydeltaker, programleiar |
Språk | norsk |
Medlem av | Splay Norge |
Partnar | Aleksander Sæterstøl |
Martine Lunde Aarsrud (fødd 17. februar 1996) er ein norsk influensar og reality-TV-deltakar.
Lunde er influensar, og driv med sosiale medium på heiltid.[1] Lunde driv òg YouTube-kanalen «Martine Lunde», som per januar 2019 hadde ca. 45 000 abonnentar.[2] Tidlegare dreiv ho YouTube-kanalen «Isabelle & Martine» saman med venninna Isabelle Eriksen, og då denne vart lagt på is sommaren 2018 hadde han ca. 63 000 abonnentar.[3][4]
Ho deltok i realityserien Paradise Hotel i sesong 9, og stakk av med sigeren saman med partnaren Kevin René Gustavsson. Under «troskapstesten» valde Lunde å sleppa kulen på 50 000 kr, noko som gjorde at ho åleine vann denne premien, i staden for at ho og Gustavsson kunne dela 300 000 kr. Ho valde seinare å dela med venninna Isabelle Eriksen og kjærasten Aleksander Sæterstøl, slik at dei alle tre fekk 100 000 kr kvar.[5][6]
Martine var programleiar for første sesong av Glow Up. Det er eit program som fokuserer på ulik typar sminke. I programmet var Dajana Tomanovic domar på kvart program. Det var òg ulike gjestedommarar i kvar episode.[7]
Både Martine og kjærasten Aleksander har vore hovudpersonar i dokusåpa Bloggerne.[8]
Ho var med i tredje sesongen av Farmen Kjendis, som gjekk på TV 2 frå januar 2019.[9] Ho var òg med i TV 2-programmet Skal vi danse i 2018, og enda på tredjeplass.[10]
I mars 2021 kom det ein serie om at Lunde fekk opplæring i å bli politi i 11 dagar. Serien vart publisert på TV 2 Play. Det vart kritisert av politistudentar før serien byrja. Dei reagerte på at Martine fekk komma inn på politihøgskulen, medan dei sjølv måtte ha undervisning heime. Politihøgskolen ønskte å auka rekruttering og forståing for vidareutdanning i politiet. Lunde sa at ho hadde fått mange positive kommentarar frå politistudentar.[11][12]