Marian Anderson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 21. februar 1897 Philadelphia |
Død |
8. april 1993 (96 år) |
Yrke | operasongar |
Språk | engelsk |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences |
Ektefelle | Orpheus Hodge Fisher |
Marian Anderson på Commons |
Marian Anderson (27. februar 1897–8. april 1993) var ein amerikansk altsongar. Ho framførte eit breitt spekter av musikk, frå opera til spirituals. Anderson opptredde med kjente orkester på store konsert- og konsertlokale i heile USA og Europa mellom 1925 og 1965.
Som ein afroamerikansk framifrå klassisk songar blei Anderson ein viktig figur innan kampen mot raseskilje i USA på midten av 1900-talet. I 1939 blei ho nekta av gruppa Daughters of the American Revolution (DAR) å opptre for eit blanda publikum i Constitution Hall i Washington, D.C.[1][2] Fyrstedama Eleanor Roosevelt og tusentals andre meldte seg ut av organisasjonen som følgje.[3] Med støtte frå Roosevelt og mannen hennar, president Franklin D. Roosevelt, heldt Anderson ein kritikarrost utandørskonsert på påskedagen, 9. april 1939, på trappene til Lincoln-minnesmerket i staden.[4] Ho opptredde framfor eit blanda publikum på over 75 000, og eit radiopublikum i milliontal.[5] 7. januar 1955 blei Anderson den fyrste afroamerikanaren til å opptre ved Metropolitan Opera i New York.[6]
I tillegg til songarkarrieren var Anderson delegat ved SN sin menneskerettskomite. Ho var goodwill-ambassadør for utanriksdepartementet i USA, og heldt gjennom dette konsertar over heile verda. På 1960-talet tok ho del i borgarrettrørsla, og song under March on Washington for Jobs and Freedom i 1963.
Anderson har fått ei rekkje prisar og utmerkingar. I 1963 blei ho tildelt den fyrste Presidentens fridomsmedalje av president John F. Kennedy I 1973 blei ho teken med i Kvinnene sitt æresgalleri i USA. Ho har også ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.