For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Malm i Verran. For bydelen, sjå Malm i Helsingfors.
Gullmalm. Denne biten har storleik 7,5 gonger 6,1 × 4,1 cm)

Ein malm er ein naturleg økonomisk brytbar konsentrasjon av mineral som kan brukast til metallframstilling.

Sagt med andre ord er det ein førekomst av eit mineral som inneheld så mykje av eit metallisk grunnstoff at det er økonomisk og teknisk mogleg å produsere metall av det.

Definisjonen er særs viktig og inneheld tre nøkkelord som kan gje ei aning om den særstillinga malmgeologisk vitskap har hatt innanfor geologi.

1. Ved å bruke «metallframstilling» blir malmomgrepet avgrensa til dei mineralressursane ein kan produsere metall frå. Dei grunnstoffa ein først og fremst tenkjer på når det gjeld metallframstilling er jern, kopar, sink, bly, gull, tinn, nikkel, krom, molybden, wolfram og aluminium, men det finst òg andre metall som har interesse innanfor malmgeologien.

2. Med «naturleg førekommande» tar ein berre omsyn til dei geologiske ressursane. Metall som kjem frå t.d. metallgjenvinning blir ikkje rekna som malmar.

3. Med «brytbar» blir malmomgrepet avgrensa til ein naturressurs som blir styrt av eit lands samfunnsstruktur og økonomiske system. Dette betyr at ein bestemt mineralførekomst kan vere lønsam i eit land, men ikkje i eit anna land. Visse mineral har heller ingen bruksområde i dag, til trass for at dei har vore kjende i fleire hundre år, og har dermed ingen marknadsverdi. Dersom dei menneskestyrte ytre vilkåra endrast vil ein tidlegare uinteressant førekomst kunne endre seg til ein økonomisk interessant førekomst og omvendt.

Eksempel på malmar er jernmalm, sinkblende og koparkis.

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. (2020)

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Malm