Malcolm Arnold | |||
| |||
Fødd | 21. oktober 1921 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Northampton | ||
Død | 23. september 2006 (84 år) | ||
Dødsstad | Norwich | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1941–2006 | ||
Sjanger | symfoni | ||
Instrument | trompet | ||
Verka som | klassisk komponist, trompetist, dirigent, jazzmusikar, filmmusikkomponist, komponist | ||
Prisar | kommandør i den britiske imperieorden, Academy Award for Best Score, Adaptation or Treatment, Knight Bachelor |
Malcolm Henry Arnold (21. oktober 1921–23. september 2006) var ein britisk komponist og dirigent.
Arnold byrja karrieren med å spela trompet profesjonelt, men frå han var tretti år vigde han seg heilt til komposisjon. Han er plassert saman med Benjamin Britten og William Walton som dei mest etterspurde komponistane i Storbritannia.[1] Den naturlege melodiske gåva hans gav han eit rykte som ein komponist av lett musikk som til dømes satsane hans for walisiske, engelske, skotske, irske og korniske dansar, og orkestermusikken hans for filmar som blant anna Hobsons valg regissert av David Lean.
Verka hans er særskilt populære blant ungdoms- og amatørorkester, delvis på grunn av at dei er lettspelte, men òg på grunn av den unike stilen hans som kombinerer musikalske element frå klassisk, jazz, populærmusikk og folkemusikk. Han var ein favoritt ved BBC Promenade Concerts og Hoffnungfestivalane. Han var òg vernar av Rochdale Youth Orchestra fram til han døydde i september 2006.
Arnold skreiv Trevelyansuiten for å markera opninga av Trevelyan College ved Universitetet i Durham. Dottera hans var blant dei første studentane ved fakultet.
Sidan 1980-talet har det vore fleire konsertar og festivalar vigd musikken hans. Denne er blant anna blitt framført i samband med europameisterskapet for brassband. I oktober er det ein årleg Malcolm Arnold-festival i fødebyen hans Northampton.