Skjematisk framstilling av eit magmakammer (nummer 11) og eit vulkanutbrot.

Magmakammer er ein isolert og avgrensa masse med bergartssmelte (magma) under jordoverflata med eit opphav frå ein vulkan.[1] Eit magmakammer i form av eit stort basseng av flytande stein under jordoverflata kan variera i storleik og liggja i både den øvre og den nedre delen av jordskorpa. Den smelta bergarten, eller magmaen, i eit slikt kammer er mindre tett enn den omkringliggjande landsbergarten, som produserer flytekrefter på magmaen som har ein tendens til å driva han oppover.[2] Om magmaen finn ein veg til overflata, vil resultatet vera eit vulkanutbrot; følgjeleg er mange vulkanar plasserte over magmakammer.[3] Desse kammera er vanskelege å oppdaga djupt inne i jorda, og derfor er dei fleste av dei kjende nær overflata, vanlegvis mellom 1 km og 10 km nede.[4]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «magmakammer» i Det Norske Akademis ordbok
  2. Philpotts, Anthony R.; Ague, Jay J. (2009). Principles of igneous and metamorphic petrology (2. utg.). Cambridge, UK: Cambridge University Press. s. 28–32. ISBN 9780521880060. 
  3. «Forensic Probe of Bali's Great Volcano». Eos (på engelsk). 12. februar 2019. Henta 25. november 2020. 
  4. Dahren, Börje; Troll, Valentin R.; Andersson, Ulf B.; Chadwick, Jane P.; Gardner, Màiri F.; Jaxybulatov, Kairly; Koulakov, Ivan (1. april 2012). «Magma plumbing beneath Anak Krakatau volcano, Indonesia: evidence for multiple magma storage regions». Contributions to Mineralogy and Petrology (på engelsk) 163 (4): 631–651. Bibcode:2012CoMP..163..631D. ISSN 1432-0967. doi:10.1007/s00410-011-0690-8.