Magdalena og Magdalene er eit kvinnenamn avleia av bynamnet Magdala, etter ein by ved Geneseratsjøen. Magdala skal tyde 'tårn', på hebraisk Migdal. Namnet skriv seg frå Maria Magdalena i Bibelen.
Namnet har gjeve opphav til mange kortnamn, blant dei Malene, Magda, Malin og Lena. Andre variantar er til dømes Madeleine og Madalena.
Namnet Magdalenius er òg kjend som mannsnamn i Troms.
Den fulle forma av namnet var noko utbreidd i Noreg i 1900, men i dag er det mange fleire som brukar ei av kortformene av namnet: