Lycosa tarantula | |
Lycosa tarantula | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Chelicerata |
Klasse: | Edderkoppdyr Arachnida |
Orden: | Edderkoppar Araneae |
Familie: | Lycosidae |
Slekt: | Lycosa |
Art: | L. tarantula |
Vitskapleg namn | |
Lycosa tarantula |
Lycosa tarantula er ein edderkopp i gruppa ulveedderkoppar (Lycosidae). Dei jaktar vanlegvis på jordbotnen, og spinn ikkje fangstnett. Artane i slekta Lycosa blir kalla eigentlege tarantellar, men er langt mindre enn dei store fugleedderkoppane som i daglegtale blir omtalte som «tarantellar». Han er utbreidd i Sør-Europa, i Spania og Sør-Italia, men finst ikkje i Noreg.
Kroppen er todelt i ein bakkropp (abdomen) og eit hovud-bryst-parti (prosoma eller cephalothorax). Framme på hovudet er det åtte auge, med dei to i midterste langt større enn dei andre.
Fleire av artane i slekta Lycosa er ganske like kvarandre og er variable i farge, sjølv om enkelte kan ha artstypiske flekker (mønster). For sikker artsbestemming krevst ofte nærare undersøking av genitalia til kjønnsmogne edderkoppar, hjå hoer epigynet og hjå hannar siste leddet av pedipalpane.