Lowell-observatoriet er eit astronomisk observatorium i Flagstaff i Arizona i USA. Lowell-observatoriet vart grunnlagd i 1894 og er av dei eldste i USA. Det fekk status som National Historic Landmark i 1965.[1] I 2011 vart observatoriet kåra til ein av dei 100 viktigaste stadane i verda av magasinet TIME.
Observatoriet ligg 2200 meter over havet. Opphavleg vart det bygd for studiet av Mars, men observasjonsprogrammet vart snart utvida til òg å omfatte dei andre planetane. Arbeidsfeltet har seinare ekspandert ytterlegare, og det er blitt utført viktige undersøkingar, mellom anna over galaksar.