Love Is the Ritual Singel av Styx frå albumet Edge of the Century | ||
B-side |
Homewrecker | |
---|---|---|
Utgjeve | 1990 | |
Sjanger | Funkrock[1] | |
Lengd | 3:48 | |
Selskap | A&M | |
Låtskrivar(ar) | Glen Burtnik, Plinky Giglio | |
Produsent | Styx | |
Styx-kronologi | ||
«Music Time» (1984) |
Love Is the Ritual | «Show Me the Way» (1990)
|
«Love Is the Ritual» er ein song av Styx og den første singelen gjeven ut frå albumet Edge of the Century i 1990.
Songen var skriven og sungen av Glen Burtnik, som var komen inn i bandet som ny gitarist. Tommy Shaw, som han erstatta, var på den tida oppteken med si eiga gruppe, Damn Yankees.
Burtnik hadde spelt inn songen før han fekk tilbodet om å bli med i Styx. Songen vart spelt inn på ny med Styx.[2] Originalversjonen til Burtnik kom seinare ut på samlealbumet hans Retrospectable.
Songen vart òg gjeven ut som B-side på 7"-versjonen av «Carrie Ann» (A&M Records – 390 610-7) som berre kom ut på singel i Europa.[3]
«Love Is the Ritual» selde skuffande og nådde berre 80. plassen på Billboard Top 100-lista, men gjorde det langt betre på Billboard Mainstream Rock Tracks-lista, der han nådde niandeplassen. Songen nådde òg 59. plassen på den kanadiske RPM Top Singles-lista i november 1990.
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum |
|
Samlealbum |
|
Songar |
|
Tilknytte artiklar |
|