Louise Bourgeois | |
Pseudonym | Bourgeois, Louise Joséphine, Goldwater, Louise Bourgeois, Goldwater, Mrs. Robert |
Statsborgarskap | Frankrike, USA |
Fødd | 25. desember 1911 Paris |
Død |
31. mai 2010 (98 år) |
Yrke | bilethoggar, biletkunstnar, kunstmålar, illustratør, smykkedesigner, fotograf, teiknar, installasjonskunstnar, grafikar, performancekunstner, grafikar, kunstnar |
Sjanger | Assemblage, figurativ kunst, abstrakt kunst |
Medlem av | American Academy of Arts and Letters, American Academy of Arts and Sciences, American Abstract Artists |
Ektefelle | Robert Goldwater |
Louise Bourgeois på Commons |
Louise Joséphine Bourgeois (25. desember 1911–31. mai 2010) var ein fransk-amerikansk biletkunstnar og skulptør. Ho var særleg kjend for ei rekkje overdimensjonerte edderkoppeskulpturar kalla Maman, som gav henne tilnamnet «Edderkoppekvinna».[1]
Louise Bourgeois var fødd i Paris, og foreldra hennar eigde eit galleri som særleg synte fram gamle gobelinar. Nokre år etter at ho var fødd flytta familien til forstaden Choisy-le-Roi, der dei byrja å restaurera gobelinar. Louise Bourgeois byrja etterkvart å hjelpa til med arbeidet. Som tjueåring byrja ho studiar på Sorbonne i matematikk og geometri, men ho fullførte ikkje studiane; i staden byrja ho på den fyrste av ei rekkje kunstskolar. I 1938 gifta ho seg med den amerikanske kunsthistorikaren Robert Goldwater, som hadde gjort revolusjonære studiar av såkalla «primitiv kunst», dvs. kunst utført av urfolk ulike stader i verda. Same året flytta paret til New York, der Bourgeois studerte målarkunst ved Art Students League samstundes med at ho skapte skulpturar og andre kunstverk. Ho byrja å stilla ut verka sine frå slutten av 1940-åra, men den breie heideren av verkane hennar kom fyrst i 1980-åra i samband med ei retrospektiv utstilling på Museum of Modern Art.[2]
Gjennom ei lang årrekkje skapte ho ei rad kunstverk som ho sjølv skildra som ei omarbeiding av den familiemessige bakgrunnen sin der faren hennar var utru, med kjennskap frå mora, i ei årrekkje.[2] Det mest kjende kunstverket hennar, Maman, finst i det originale utgåva si i stål ved Tate Modern i London. Det finst også om lag eit dusin kopiar i bronse, som blant anna kan bli sett på Guggenheim Museum Bilbao og Tuileries i Paris, og nokre av dei er blitt stilt ut i København i samband med ei separatutstilling på Louisiana i 2003.[1] Skulpturane er ein hyllest til mor hennar. I 2013 viste Faurschou Foundation ei retrospektiv utstilling med Louise Bourgeois under tittelen Alone and Together.[3]
Verka hennar er ofte surrealistiske i uttrykk, og ein kan spora eit samband til Alberto Giacometti og Marcel Duchamp, men dei viser òg påverknad frå afrikansk kunst.[2]